Kjeveortoped

Barn fødd med leppe-kjeve-ganespalte (LKG) treng ofte ekstra oppfølging av tannhelsetenesta. Mange treng tannregulering.

Barn med spalte blir følgt opp av tverrfaglege team. Kjeveortopedane si rolle er å behandle tenner og kjeve

Kjeveortopedane følgjer med på barnets tannsett og kjevens vekst og utvikling med jamne mellomrom frå fødsel til vaksen alder. Dei lagar ein individretta behandlingsplan i samråd med barn og føresette.

Det varierer når kjeveortopedisk behandling startar og kor omfattande behandlinga er. Dette avhenger av kva type spalte barnet er fødd med, og korleis kjeven utviklar seg.

Kjeveortopeden har kontakt med lokal kjeveortoped på heimstaden. Ein del av behandlinga blir gjort lokalt.

For å lese meir om kjeveortopedi i samanheng med leppe-kjeve-ganespalte, kan du gå inn på følgjande sider:

Tannhelsetenesta kompetansesenter Vest/Hordaland

Oslo universitetssjukehus HF