Leppe-kjeve-ganespalte i samanheng med andre vanskar

Det varierer korleis ei medfødd spalte verkar inn på barnet si utvikling. Spaltetype, eventuelle tilleggsdiagnosar og andre forhold har betyding. Tverrfaglege team gir tidleg rettleiing for å sikre ei heilskapleg oppfølging.

Dei fleste foreldre til barn fødd med spalte har mange spørsmål i den første tida etter fødselen. Tidleg rettleiing og rådgjeving er derfor ein viktig del av tilbodet frå Statped og resten av LKG-teamet.
Det er viktig å presisere at dei fleste barn som er fødd med spalte vil følgje vanleg utvikling. Andre vil trenge ekstra oppfølging innafor ulike felt. Nokre vanlege tilleggsvanskar er:
  • Avvik i anatomiske og fysiologiske forhold kan raskt gi ernæringsutfordringar knytt til amming og mating.
  • Den tidlege språklydsutviklinga kan vere forsinka hos dei barna som er fødd med ganespalte, og forhold i gane og svelg kan gjere resonansen/stemmeklangen nasal.
  • Ventilasjonen i mellomøyret kan vere råka, og kan dermed gi periodiske høyrselstap.
  • Tannutvikling og bittforhold/vekst i kjeven vere påverka av ei spalte. 

Misdanningar og syndrom

Forskjellige typar misdanningar kan opptre hos barn fødd med LKG. Det kan til dømes vere misdanningar i hovudregionen med klare ansiktstrekk, samanvaksne tær eller fingrar, klumpfot eller medfødd hjertefeil. 
Sjølv om fleirtalet av barn fødd med spalte ikkje har eit syndrom, er LKG påvist i over 400 ulike syndrom. Dei fleste av desse syndroma er svært sjeldne. Det vanlegaste er Velo-cardio-facialt syndrom (VCFS). Isolert ganespalte er den spaltetypen som opptrer hyppigast saman med eit eller fleire syndrom.