Leppe-kjeve-ganespalte

Leppe-kjeve-ganespalte er ei medfødd spalte i munnregionen. Logopedar og psykolog i Statped bidrar i den tverrfaglege oppfølginga av barn som er fødd med spalte.

Leppe-kjeve-ganespalte (LKG)  er ei av dei vanlegaste medfødde misdanningane i verda. I Norge blir det årleg fødd om lag 100-120 barn med LKG. 
Det finst ulike typar spalter, dei vanlegaste er:
  • leppe-kjevespalte
  • leppe-kjeve-ganespalte
  • isolert ganespalte
  • skjult ganespalte 

Tverrfagleg oppfølging

Barn som er fødd med LKG har behov for tverrfagleg oppfølging. Oppfølginga avheng av kva type spalte dei har. 
Ei spalte kan mellom anna påverke:
  • talen
  • tann- og bittforhold
  • ansiktsvekst
  • høyrsel
To tverrfaglege behandlingsteam har ansvaret for oppfølginga og behandlinga  av barn fødd med LKG, eitt i Bergen og eitt i Oslo. Barn blir rutinemessig tilvist eit av teama når spalta blir oppdaga ved fødselen.
Dei to teama består av fagpersonar innan :
  • plastisk kirurgi
  • kjeveortopedi
  • logopedi
  • otologi (øyre-nase-hals)
  • psykologi

Oppfølging av logoped og psykolog

Teama som følgjer opp denne brukargruppa består mellom anna av logopedar og psykolog frå Statped. 
Det er ikkje uvanleg at barn som er fødd med ei eller anna form for ganespalte kan utvikle uttalevanskar. Logopedane gjer utgreiing av talen til barna, og bidrar med rådgjeving og rettleiing til foreldre. 
Nokre barn vil trenge oppfølging av logoped på heimstaden sin. LKG-teama i Statped tilbyr rettleiing til det lokale oppfølgingsapparatet ved Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), som er kommunal hovudsamarbeidspart til Statped.
Her kan ein lese meir om korleis PPT gå fram for å søke bistand av Statped i forbindelse med den lokale oppfølginga av denne brukargruppa.
Psykologtilbodet er retta mot å førebygge psykiske vanskar, fremme meistring og styrke utviklinga av eit godt sjølvbilete.
Leppe-ganespalteforeningen er den norske interesseorganisasjonen for barn, ungdom og vaksne fødd med LKG.

Mer informasjon: