Leppe-kjeve-ganespalte

Ei leppe-kjeve-ganespalte er ei spalte som går gjennom leppa, kjeven og ganen. Ho blir også kalla ei totalspalte. Spalten kan vere enkeltsidig eller dobbeltsidig.

Ei enkeltsidig leppe-kjeve-ganespalte går gjennom leppa og kjeven på høgre eller venstre side, og så gjennom ganen.

Ei dobbeltsidig spalte går gjennom leppa og kjeven på både høgre og venstre side før den går inn gjennom ganen frå begge sider. Ei dobbeltsidig totalspalte deler leppa og kjevekammen i tre delar.

Denne spaltetypen rammar tale, utsjånaden og bittforholda. Ei totalspalte gjer at det ikkje blir eit godt nok stengsel mellom munn- og nasehola. Barn fødd med denne spaltetypen vil kunne ha problem med å suge fram til ganen blir lukka når barnet er cirka eitt år.

Dei kan og utvikle vanskar med språklyd og nasalitet.