Logopedoppfølging for barn fødd med leppe-kjeve-ganespalte

Logopedane i dei tverrfaglege spalteteama følgjer talespråkutviklinga til barna. Dei gir råd og rettleiing til foreldre og lokale oppfølgingsinstansar.

Logopedane i LKG-teama er tilsette i Statped. I den første tida etter fødselen, er rolla til logopedane å gi informasjon og rettleiing om tidleg taleutvikling og –stimulering.

Etter kvart utgreier logopedane talen til dei barna som er fødd med ei eller anna form for ganespalte. Etter behandlingsplanen skjer dette når barna er to, fire, seks, ti og 16 år.

Foreldrekurs for barn fødd med LKG

Når barnet er cirka to år, held Statped eit heildagskurs for foreldre til barn fødd med spalte i ganen. På kvart kurs deltek om lag 4-7 barn og deira foreldre. Kurset inneheld

  • individuell utgreiing av kvart barn
  • opplæring i tidleg språklydsutvikling og kva foreldra kan bidra med for å stimulera taleutviklinga
  • høve til å dele erfaringar med kvarandre


Utgreiing av uttalen

Når barna er fire, seks, ti og 16 år utgreier logopedane talespråket, med vekt på artikulasjon og nasalitet. Det kan og bli aktuelt med fleire utgreiingar mellom desse tidspunkta der det er behov.

Barnet blir mellom anna prøvd med:

  • Svante-N, som er eit testverktøy for å avdekke vanskar med artikulasjons og nasalitet.
  • Spegelprøven, som registrerer nasal luftlekkasje når dei bles eller imiterer språklydar. 
  • Nasometer II (eit instrument som måler resonans ved tale).

Rådgjeving og rettleiing

Logopeden gir rådgjeving og rettleiing til foreldra når barna er inne til utgreiing. Det inneber å svare på spørsmål, trygge foreldra, og foreslå korleis dei kan bidra til å stimulere taleutviklinga.

Logopeden kan gi rettleiing og rådgjeving til det lokale oppfølgingsapparatet ved Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), som er kommunal hovudsamarbeidspart til Statped. Rettleiinga inneheld til dømes informasjon om korleis vi kan leggje til rette for god språklydsutvikling i barnehagen hos barn fødd med spalte, eller forslag til språklydsøvingar.

Les meir om korleis PPT søker om bistand frå Statped.