Øyre-nase-halslege

Barn som er fødd med spalte i ganen er meir utsette for væskedanning i mellomøyret. Dei må derfor kontrollere øyrene jamnleg.

Når det er ei spalte gjennom ganen, fungerer ikkje alltid utluftinga i mellomøyret. Då samlar det seg væske. Høyrselen kan bli redusert om væska blir verande i mellomøyret.

Når eit barn har redusert høyrsel, kan det ha vanskar med å tolke og imitere språklydar.

Om det blir oppdaga væske i mellomøyret under ganeoperasjonen, legg kirurgane gjerne inn eit ventilasjonsrøyr for å drenere ut væska.

Det er viktig at barn fødd med ganespalte får jamnleg oppfølging hos øyre-nase-halslege. Det anbefalast at barnet blir undersøkt kvart halvår etter at ganen er lukka.

Problem med øyrene er begrensa til barneåra. Dersom kontrollen og behandlinga blir utført riktig, vil høyrselen utvikle seg normalt.