Plastikkirurg

Den kirurgiske behandlinga av barn fødd med leppe-kjeve-ganespalte avheng av spaltetypen barnet er fødd med.

Barn som er fødd med mindre spalter treng færre operasjonar enn barn som har meir omfattande spalter.

Operasjonane blir gjort på Haukeland universitetssjukehus og Oslo universitetssjukehus, Rikshospitalet.

Dei vanlegaste kirurgiske inngrepa er:

  • lukke leppespalta (3-5 månader)
  • lukke ganespalta (12 månader)
  • legge inn bein i tannboge (7-11 år)
  • korrigere nase (18 år)

Nokre barn som er fødd med ganespalte treng ein tilleggsoperasjon i ganen på grunn av nasalitetsvanskar. LKG-teamet gjer då først ein grundig tverrfagleg utgreiing.

Tidspunktet for denne operasjonen varierer, men den er mest vanleg å utføre i førskulealder.