Nokre barn føler seg annleis sjølv om nesten ingen andre ser at dei har spalte. Andre barn har ei meir synleg spalte og kanskje også uttalevanskar, utan å føle seg annleis av den grunn.
For foreldra kan det å få eit barn med spalte vere ei omstilling frå det dei hadde sett føre seg. Nokre foreldre har derfor utbytte av samtaler om følelsar eller utfordringar.
Psykolog i LKG-teamet
Psykolog i LKG-teamet er tilsett i Statped. Arbeidet er mellom anna retta mot å førebygge psykiske vanskar, fremme meistring og styrke utviklinga av eit godt sjølvbilete. Både foreldre og barn kan ta kontakt og be om ei samtale med psykologen i spalteteamet, som held til i Oslo. Oppfølging blir gitt i form av familie-, par-, eller individsamtaler. Dersom eit barn har omfattande vanskar, kan psykologen hjelpe med å tilvise til lokalt hjelpeapparat.
Gruppekurs
Statped tilbyr eit to dagars gruppekurs for barn fødd med spalte ved cirka tiårsalder. Her øver deltakarane mellom anna på strategiar for å handsame vonde tankar eller utfordrande sosiale situasjonar. Det er og eit godt høve til å bli kjent med andre barn med liknande erfaringar.
Generelle råd om korleis du kan hjelpe ditt barn til å utvikle god psykisk helse:
- La spalta vere ein naturlig del av heilskapen og kvardagen, samstundes som barnets eigenskapar, evner og personlegdom blir framheva.
- Ta bilete på sjukehuset eller i andre behandlingssituasjonar. Då kan barnet lettare bli kjent med si eiga historie, og vise fram bileta til andre når det sjølv ønskjer å fortelje.
- Viss barnet ser seg meir i spegelen enn forventa, spør kva det ser på. Vis interesse og vent på svar, men ikkje press.
- Hugs kva type kommentarar eller reaksjonar som var til hjelp for deg som forelder den første tida. Det kan vere nyttig når du skal støtte barnet.
- Øve på forskjellige måtar å svare eller reagere på spørsmål. Dess fleire mestringsstrategiar barnet har, dess betre rusta er det i møte med andre.