Skjult ganespalte

Ei skjult ganespalte går gjennom den mjuke ganen, men er dekka av vev slik at ganen ser heil ut.

Spaltetypen blir og kalla submucøs ganespalte. Den kan samanliknast med ei isolert ganespalte. Forskjellen er at spalta er dekka av vev slik at ganen ser heil ut, sjølv om ganemuskelen ikkje har vakse saman.

Mange lever heile livet med ei slik spalte utan å vite det. For andre kan ei skjult ganespalte skape dei same problema som om spalta var ope. Dei er derfor avhengige av å få ei ganelukking.

Skjulte ganespalter blir oppdaga ved ulike aldrar. Dei kan bli oppdaga ved fødselen, når barnet begynner å snakke, eller enda seinare.

Dersom ein mistenkjer at eit barn har skjult ganespalte, kan fastlegen tilvise barnet til ein øyre-nase-halslege. Det kan til dømes vere på grunn av:

• nasal tale
• hyppige mellomøyrevanskar
• problem med at mat/væske ofte kjem opp i nasen

Ofte er det ein kombinasjon av desse vanskane.

Dersom øyre-nase-halslegen konstaterer skjult ganespalte, blir barnet tilvist eit av dei to spalteteama i Bergen eller Oslo for grundigare utgreiing.

Les mer om isolert ganespalte.