Tidleg taleutvikling og typiske talevanskar med spalte

Mange barn som er fødd med leppe-kjeve-ganespalte lærer seg å snakke utan særskilde tiltak. Ein del av barna bruker litt lengre tid enn andre på å uttale språklydar korrekt.

Eit nyfødd barn er ivrig etter å kommunisere. Kontakten og samspelet med foreldra  i spedbarnstida er viktig for barnets sosiale og språklege utvikling. 

Vanleg taleutvikling

I dei første vekene etter fødselen gir barnet uttrykk for forskjellige behov, gjennom varierte måtar å gråte på. Frå to-tre månaders alder begynner barnet å lage viljestyrte lydar, og etter kvart eksperimenterer det med ulike typar lyd. 

Rundt seks månaders alder begynner barnet å sette saman konsonant- og vokallydar (babling), som til dømes «ma-ma». I denne perioden begynner barnet også å imitere setningsmelodi og tonefall. 

Vi høyrer gjerne at barnet koser seg med å lage forskjellige lydar som «mamama» og «bababa». Denne formen for leik med tale, lytting og utprøving av lydar er viktige for alle barn. Gjennom daglegdagse gjeremål som bleieskift, vasking og mating kan foreldre heile tida stimulere barnet til å kommunisere.
 
Når barnet er vel eitt år, har det ein rik lydproduksjon.  Det er ofte i denne periode vi høyrer dei første orda. Dei som er saman med barnet forstår kva det meiner ut frå tonefall, kroppsspråk og samanheng. Samspel med barnet oppmuntrar det til å forsette å tileigne seg nye ord, ordsamansetjingar og etter kvart betre uttale. 
Frå barnet er rundt eitt og eit halvt år og fram til om lag fire-femårsalder, skjer det ofte ei eksplosiv utvikling av talespråket. Det er likevel store individuelle forskjellar, og det er ikkje unormalt at nokre barn bruker lengre tid.

Uttalevanskar for barn fødd med spalte

Nokre språklydar kan vere vanskelegare for barn fødd med ganespalte. Det gjeld til dømes språklydane:
  • t, d, n, s og l (språklydar som blir forma med tungespissen rett bak tennene i overkjeven)
  • p, b, k, og g (språklydar som krev eit godt oralt trykk for å bli produsert på rett måte. For at barnet skal få dette til, må ganen vere lukka)
Trass vanskar er det viktig at barna får helde på gleda ved å snakke og fortelje. Om barnet uttalar eit ord feil, bør vi derfor ikkje rette på uttalen, men heller gjenta ordet riktig.

Nokre barn kan i ein periode ha god nytte av handteikn for å gjere seg forstått. Det kallar vi Norsk Med Teiknstøtte (NMT). Vi skal alltid nytte handteikn saman med tale, for å stimulere barnet si taleutvikling. Etter kvart som barnet gjer seg betre forstått verbalt, vil det gradvis slutte å bruke handteikn.

Nasalitetsvanskar

Barn som er fødd med LKG får lukka ganespalta kirurgisk ved eitt-årsalder. Sjølv etter at spalta er operert, får ei lita gruppe barn problem med lukkefunksjonen i ganen. Det kan då komme luft ut gjennom nasen når barnet snakkar, og talen kan få ein hypernasal (open nasal) klang. 

Nokre barn treng derfor ein tilleggsoperasjon for å gjere talen betre. Utgreiing av dette skjer tverrfagleg frå fire-årsalder. Det er for å sikre at barnet har tilstrekkeleg med språklydar til at fagfolk kan vurdere klangen på talen, og at det er modent nok til å gjennomføre dei nødvendige undersøkingane.