Tverrfagleg utgreiing og oppfølging

Barn fødd med leppe-kjeve-ganespalte (LKG) får oppfølging av eit tverrfagleg behandlingsteam. Teamet følgjer barnet frå det blir tilvist, og fram til det er ferdig med nødvendig kirurgi, tannbehandling eller logopedhjelp.

 

Dei to tverrfaglege behandlingsteama held til i Bergen og Oslo.

Dei består av:

Kort tid etter fødsel får foreldre tilbod om eit dagskurs der alle fagdisiplinane er representerte. Fagpersonar informerer om oppfølginga vidare, og kva foreldre kan forvente dei neste åra.

Dei tverrfaglege teama har faste rutinar for oppfølging og behandling. Så langt det er mogleg forsøker teama å koordinere undersøkingar hos dei ulike fagdisiplinane, slik at familiane skal få færrast moglege reiser til Bergen eller Oslo.

Samarbeid med lokale oppfølgingsinstansar

Dei to teama følgjer opp brukarane over mange år. Samstundes er det viktig med samarbeid med oppfølgingsinstansar på heimstaden til brukaren. Til dømes er det vanleg at tannbehandling og oppfølging av høyrsel blir tilvist regionale eller lokale tannlegar og øyre-nase-hals-legar.

Tilsvarande er det viktig med tidleg oppfølging hos lokal logoped dersom det er behov. Fagpersonar i LKG-teama i Statped kan bidra med rettleiing og rådgjeving til det lokale oppfølgingsapparatet ved Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), som er kommunal hovudsamarbeidspart til Statped.

 

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Takk for din tilbakemelding!