Ulike spaltetyper

Leppe-kjeve-ganespalte

Ei leppe-kjeve-ganespalte er ei spalte som går gjennom leppa, kjeven og ganen. Ho blir også kalla ei totalspalte. Spalten kan vere enkeltsidig eller dobbeltsidig.
Ei enkeltsidig leppe-kjeve-ganespalte går gjennom leppa og kjeven på høgre eller venstre side, og så gjennom ganen.

Ei dobbeltsidig spalte går gjennom leppa og kjeven på både høgre og venstre side før den går gjennom ganen frå begge sider. Ei dobbeltsidig totalspalte deler leppa og kjevekammen i tre deler.

Denne spaltetypen rammar talen, utsjånaden og bittforholda. Ei totalspalte gjer at det ikkje blir eit godt nok stengsel mellom munn- og nasehola. Barn fødd med denne spaltetypen vil kunne ha vanskar med å suge, fram til ganen blir lukka når barnet er cirka eitt år gamal.

Dei kan og utvikle vanskar med å uttale enkelte språklydar og oppleve varierande innslag av open nasal luftlekkasje under tale.

Leppespalte og leppe-kjevespalte

Ei leppespalte er ei spalte som går gjennom leppa. Vi kallar det leppe-kjevespalte viss spalta fortset gjennom kjevekammen.

Størrelsen på denne spaltetypen varierer får eit lite hakk ytst i leppa, til ei spaltesom går heilt gjennom kjevekammen. Spaltetypen kan ramme tann- og bittforholda, i tillegg til utsjånad.

Leppespalta vert som regel lukka ved tre til fem månaders alder. Spalta i kjeven vert vanlegvis lukka når barnet er mellom åtte og elleve år. Det skjer ved å transplantere bein frå hofta inn i spalteområdet i kjevekammen.

Denne spaltetypen rammar ikkje den mjuke ganen. Ho fører derfor sjeldan til uttalevanskar.

Isolert ganespalte

Ei isolert ganespalte er ei spalte som går gjennom den mjuke ganen, slik at det blir ei opning mellom munnhola og nasehola. Den fortset av og til gjennom den harde ganen.
Denne spaltetypen involverer ikkje leppa og kjeven. Den rammar derfor ikkje utsjånaden eller bittforhold i særleg grad.


Ei spalte i ganen gjer at det ikkje blir eit godt nok stengsel mellom munn- og nasehola. Barn fødd med denne spaltetypen kan derfor ha vanskar med å suge, og eventuelt å spise. Ganelukkeoperasjon skjer vanlegvis omkring eitt-årsalderen.
Barn som er fødd med isolert ganespalte kan utvikle vanskar med å uttale enkelte språklydar og oppleve varierande innslag av open nasal luftlekkasje under tale.


Skjult ganespalte

Ei skjult ganespalte går gjennom den mjuke ganen, men er dekka av vev slik at ganen ser heil ut.

Spaltetypen blir og kalla submucøs ganespalte. Den kan samanliknast med ei isolert ganespalte. Forskjellen er at spalta er dekka av vev slik at ganen ser heil ut, sjølv om ganemuskelen ikkje har vakse saman.
Mange lever heile livet med ei slik spalte utan å vite det. For andre kan ei skjult ganespalte skape dei same problema som om spalta var ope. Dei er derfor avhengig av å få ei ganelukking.
Skjulte ganespaltar blir oppdaga ved ulike aldrar. Dei kan bli oppdaga ved fødselen, når barnet begynner å snakke, eller enda seinare.

Dersom ein mistenkjer at eit barn har skjult ganespalte, kan fastlegen tilvise barnet til ein øyre-nase-halslege. Det kan til dømes vere på grunn av:

  •  Nasal tale
  • Hyppige mellomøyrevanskar
  • Problem med at mat/væske ofte kjem opp i nasen

Ofte er det ein kombinasjon av desse vanskane.

Dersom øyre-nase-halslegen konstaterer skjult ganespalte, blir barnet tilvist eit av dei to spalteteama i Bergen eller Oslo for grundigare utgreiing.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Takk for din tilbakemelding!