Å inkludera alle barn i fellesskapen, er eit grunnleggande premiss for arbeidet i barnehagen, jamfør St.meld. nr. 41. (2008–2009) Kvalitet i barnehagen (regjeringen.no). Den inkluderande barnehagen er basert på verdiar og eit menneskesyn med respekt for menneskerettar og menneskeverd, jamfør Lov om barnehager § 1. Formål (lovdata.no).
Mangfald og endring
Det er eit stort mangfald i norske barnehagar. Barn kan delta i fellesskapen på ulike måtar. Mangfald blir ofte sett på som noko positivt, og som ein verdi som skal gi utviklingsrom for alle barna.
Å inkludera inneber endring, og dette er ansvaret til alle. Ved å gå gjennom hindringar for at eit barn kan delta, kan barnehagen oppdage at arbeidsmåtar, organisering og innhald i seg sjølv kan vere eit hinder. Dette kan bevisstgjere barnehagemiljøet om å tilpasse seg mangfaldet.
Kunnskap og fleirfagleg samarbeid
Barn med store og samansette funksjonsnedsetjingar er ei heterogen gruppe menneske. Som alle andre har dei behov for å bli forstått på variert vis, og for å få støtte og tilpassing i kvardagen. Slikt krev kunnskap og fleirfagleg samarbeid for å finne god ytre tilpassing som står i høve til dei indre behova hjå barnet. Omfanget på og organiseringa av korleis barnet deltar i fellesskapen, krev derfor at alle forstår kva god inkluderoing for kvar einskild vil seie. Å vurdere kva som er til beste for barnet er eit viktig grunnlag i denne prosessen.
Å utvikle eit inkluderande barnehagemiljø handlar om at barn blir verdsett som dei unike personane dei er. Da trengst fagpersonar med evne til å reflektere omkring haldningar, pedagogikk og verdiar, og ikkje minst til å omsetje dette i praksis i kvardagen i barnehagen.
Temasider om inkludering
Alle skal høre til og ta del i læringsfellesskapet i barnehage, skole og arbeidsliv.