Korleis leggje til rette sosialt

Barn og elevar som har fått ein skade i hjernen, kan oppleve endringar sosialt. Her får du tips til tiltak og verktøy som kan vere til hjelp.

Ferdigheiter som trengst for å meistre sosiale situasjonar, eller for å halde oppe eller skape nye vennskapar, kan påverkast etter ein hjerneskade. Nokre barn og unge har òg langvarig fråvær frå barnehage eller skule.  Dette kan føre til at nokre barn og elevar med erverva hjerneskade kan oppleve sosiale utfordringar.  

Barn eller elevar kan ha ulike vanskar med   

Gruppe med barn undersøker noe sammen.
SOSIALT FOKUS: I ein periode vil kanskje moglegheitene for å vere saman med resten av gruppa vere vel så viktige som det faglege.  

Barnet eller eleven vil sannsynlegvis trenge hjelp og tilrettelegging. Konkrete instruksjonar i møte med andre kan vere nyttig. Vaksne som er tett på, kan hjelpe barnet eller den unge å tolke ulike situasjonar, og å førebyggje misforståingar og konfliktar.

Informer barnehagen og klassen 

Det er viktig at både tilsettegruppa, barn eller elevar i avdelinga eller klassen får nødvendig informasjon, slik at dei forstår og kan ta omsyn. 

I kva grad det skal informerast, og kva det skal informerast om er det foreldre som avgjer i samråd med barnet, og eleven sjølv frå fylte 16 år.

Bli samde med foreldra og barnet eller eleven om kva de skal dele. Det kan dreie seg om

Fokuser på meistring 

For barnet eller eleven kan mykje vere forandra, og det vil ta tid å tilpasse seg den nye kvardagen.  

Det kan vere vanskeleg å vere heile dagar i barnehagen eller på skulen. Tenk gjennom når på dagen barnet eller eleven vil få mest utbytte av å vere der. I ein periode vil kanskje moglegheitene for å vere saman med resten av gruppa vere vel så viktige som det faglege.  

Legg opp til aktivitetar og øvingar barnet eller eleven har føresetnader for å meistre. Å ikkje få til det andre klarer, eller ikkje meistre det barnet eller eleven klarte tidlegare kan utløyse frustrasjon, og negative kjensler. Slike kjensler kan føre til at barn eller elevar trekkjer seg unna andre. Dette må barnehage eller skule førebyggje. 

Å kartleggje interessene og styrkane til barnet eller eleven er nyttige. Det gjer det lettare å finne aktivitetar som både motiverer, og gir barnet eller eleven høve til å vise kompetansen sin. Du finn tips til nyttige verktøy for slik kartlegging nedst i artikkelen. 

Jobb med sosiale ferdigheiter

Det kan vere nyttig å jobbe med sosiale- og emosjonelle ferdigheiter. Dette kan gjerast i store eller mindre grupper. Slike tiltak har vist seg å ha størst nytte når heile barne- eller elevgruppa er involvert, så forsøk å unngå at dette er noko som blir gjort éin til éin. 

Sosiale- og emosjonelle ferdigheiter må øvast systematisk over tid. Det finst ei rekkje tiltak og program for å jobbe med dette. Det finst ei oversikt på ungsinn.no, der du finn praktisk informasjon om tiltaka og dokumentasjon på verknad.    

Barn og elevar treng gode rollemodellar rundt seg. Tenk nøye gjennom kven barnet eller eleven blir sett i gruppe med, og plassering i klasserommet.

Struktur og føreseielegheit

Uvisse på kva som skal skje og kva som krevst av ein tek mykje energi, og kan gjere dei sosiale situasjonane i kvardagen krevjande. Vaksenstyrte aktivitetar kan vere nyttig for denne barne- og elevgruppa. Eit døme kan vere å alltid ha nokre vaksenstyrte aktivitetar ved uteleik og i friminutt. Dette kan vere nyttig for alle barn og elevar, men pass på at aktiviteten er tilpassa barnet eller eleven du skal leggje til rette for. 

Tips til verktøy 

De syv H-ene (Kommer)

Grunnleggjande prinsipp i pedagogisk tilrettelegging for elevar med behov for struktur og føreseielegheit. Som lærer kan du bruke desse punkta for å gjere tydeleg informasjon for eleven.

Slik vil eg ha det på skolen

(saannviljeghadet.no åpnes i ny fane)
Støttemateriell for samtale om korleis elevar vil ha det på skolen.

Interessekartleggingsskjema

Kartleggingsskjema for å finne gode aktivitetar for læring og trivsel for barn og elevar.

Sosiale historier (kommer) 

Pedagogisk verktøy som kan auke sosial forståing. 

Teikneseriesamtalen (kommer) 

Verktøy som kan bidra til å synliggjere det usynlige i ein sosial situasjon.