Fått eit kommunikasjonshjelpemiddel?

Vi har fått eit kommunikasjonshjelpemiddel, men er usikre på korleis vi tilpassar og tek det i bruk.

Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) kan fungere både som ei erstatning for og som støtte til talespråk. For at kommunikasjonen skal vere effektiv, må hjelpemiddelet vere tilgjengeleg overalt og til kvar tid – akkurat som munnen alltid er tilgjengeleg for dei som snakkar. Ask-språklege må ha høve til å uttrykkje seg fritt, til kven dei vil, og når dei vil – på sine eigne premissar.

Kva er eit kommunikasjonshjelpemiddel?

Når ein person bruker eit kommunikasjonshjelpemiddel, kallar vi det hjelpt kommunikasjon. Eit kommunikasjonshjelpemiddel kan vere ei tematavle eller ei kommunikasjonsbok med grafiske symbol, ein talemaskin eller materielle symbol. Ein talemaskin er ein avansert datamaskin eller nettbrett med syntetisk tale. Døme på hjelpt kommunikasjon kan vere:

For at eit kommunikasjonshjelpemiddel skal bli brukt som erstatning eller som støtte til talespråk, må det vere meir enn berre tilgjengeleg. Det må brukast aktivt og meiningsfullt, og dei rundt personen må vite kva dei skal gjere.

Korleis kan du gjere det?

Det språklege innhaldet i eit kommunikasjonshjelpemiddel er ikkje likt for alle Ask-språklege. Kommunikasjonsoppsett varierer i korleis ordtilfanget er organisert, kva prinsipp som ligg til grunn, og korleis dei skal brukast. Dette påverkar både kva personen kan seie, og korleis han eller ho seier det.

For å støtte god kommunikasjon må du kjenne til korleis det aktuelle oppsettet fungerer, og kva det faktisk gir rom for å uttrykkje. For at eit kommunikasjonshjelpemiddel skal fungere godt, må det språklege innhaldet vurderast opp mot behovet og utviklingsnivået til personen. Ikkje alle oppsett passar for alle – det må vere mogleg å uttrykkje det personen har behov for å seie, både no og på sikt.

For at kommunikasjonshjelpemiddelet skal vere robust, er det viktig at det har

  • tilgang på mange ord, frå ulike ordklassar, og både kjerneord og spesifikke ord
  • eit innhald som gir høve til å kommunisere på mange ulike måtar
  • ei organisering som gir moglegheit for flyt og effektivitet i samtalar
  • moglegheit for å støtte ulik bruk av grammatikk
  • moglegheit for ferdigprogrammerte uttrykk slik at ein kan uttrykkje seg raskt
  • ei organisering som ein motorisk kan nytte og som kan leggjast til rette for ev. synsvanskar
  • ei løysing som over tid byggjer språket. Tilgang på alfabetet og ordprediksjon
  • ei utforming som alltid kan nyttast. Det betyr at hjelpemiddelet må tole hard bruk og at ein alltid må ha ei alternativ løysing tilgjengeleg når ein er i situasjonar der eksempelvis talemaskinen ikkje kan brukast

Som fagperson eller rettleiar må du ha innsikt i korleis kommunikasjonshjelpemiddelet fungerer, og kunne bruke det sjølv. Opplæring i både bruk og vidareutvikling er nødvendig for å kunne støtte den Ask-språklege i å bruke språket sitt aktivt.