– For desse barna og elevane, er læremiddel særleg avgjerande. Læremiddel kan vere skilnaden på å kunne lære, delta og kommunisere for desse barna. No er det mogleg for oss å gi laget rundt desse barna eit ekstra løft. Det er svært gledeleg, seier divisjonsdirektør i Statped, Kari Anita Brendskag. Ho er glad for at det no blir mogleg å sette i gang ei rekkje læremiddeltiltak.
Statped har eit særleg ansvar for å utvikle læremiddel for blinde, sterkt svaksynte og teiknspråklege elevar.
Nyttige læremiddel
For Sverre (13) og teiknspråklærar Gro Anette Vestre er teiknspråkmateriell heilt avgjerande for at Sverre skal kunne lære å bruke fyrstespråket sitt. Sverre har nedsett høyrsel og er den einaste eleven på skulen som har norsk teiknspråk som morsmål.
– Læremiddel i og på teiknspråk er kjempeviktig. Vi er mange som er aleine ute i kommunane. Då er det heilt avgjerande med miljø som kan utvikle desse læremidla, forklarar ho. (Les meir i magasinsaka Når læremiddel blir avgjerande | statped.no).
Skal utnytte ressursane godt
Kari Anita Brendskag understrekar at Statped skal nytte desse ressursane godt, og gjere det som er mogleg for raskt å kome i gang med utvikling og produksjon. Ein stor del av tildelinga skal brukast til læremiddel som kjem barn og elevar med nedsett syn, høyrsel og døvblindheit, og som treng alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), til gode.
Det var gjennom revidert nasjonalbudsjettet at Statped fekk ei ekstra tildeling for å styrkje læremiddeltilbodet til elevar med særskilde behov for tilrettelegging. Brukarorganisasjonane har kome med innspel. Desse er bearbeidd vidare, og ei rekkje tiltak er i gang no i haust.
Gjennom regjeringas forslag til statsbudsjett for 2024 er tildelinga på ti millionar kroner til Statped for eit betre læremiddeltilbod, også tilrådd å føre vidare i 2024.
Her er nokre eksempel på tiltak:
Nedsett syn
- Matematikknotasjon
- Pedagogisk materiell til bruk ved skulestart
- Førskulemateriell – punktskrift
Døvblinde
- Læringsressurs i taktil kommunikasjon
- Digitalt kommunikasjonsverktøy
Teiknspråklege brukarar
- Læremiddel i teiknspråkgrammatikk 5.–7. trinn
- Læremiddel i faget teiknspråk i vidaregåande skule
Læremiddel til barn med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
- Rettleiar, grafiske symbol for samtalar om lesing
- Rettleiar, alternativ betjening av læremiddel