Tre av divisjonane gir rådgivingstenester etter aldersnivåa barnehage, barnetrinn og ungdomstrinn / vidaregåande opplæring / vaksenopplæring. Desse divisjonane omfattar dei spesialpedagogiske fagområda syn, høyrsel, samansette lærevanskar og språk/tale. I tillegg kjem alternativ og supplerande kommunikasjon og erverva hjerneskade.
To andre divisjonar omfattar teiknspråk og døvblindheit samt og læremiddel og læringsressursar.
I tillegg har Statped divisjonar for fagstrategi og verksemdstyring og administrasjon.
Bli kjend med Statpeds nye organisering
Søk oss om tenester som før
Søknader om både individ- og systembaserte tenester frå kommunal/ fylkeskommunal PP-teneste sendast til Statped på same vis som før. Det same gjeld søknader frå vaksne brukarar med kombinerte syns- og høyrselstap eller døvblindheit og søknader frå universitet, høgskolar og organisasjonar.
Spør oss
Vi vidarefører også Spør oss-tenesta vår. Kommunar, fylkeskommunar, andre aktørar / samarbeidspartar og private kan kontakte oss på same vis som tidlegare.