Statped enkelt forklart
Nokre barn og elevar har varige, omfattande og komplekse utfordringar med å sanse, kommunisere og lære. Statped tilbyr støtte til kommunar og fylkeskommunar så utdanninga av barn og elevar med slike utfordringar følger barnehage- og opplæringslova.
Kommunar og fylkeskommunar har ansvaret for at barn, unge og vaksne med varige og omfattande behov for særskild tilrettelegging får gode, tilpassa barnehage- og opplæringstilbod i inkluderande fellesskap.
Statped skal arbeide etter desse måla i 2022:
- Barnehage- og skuleeigarar får målretta tenester på det spesialpedagogiske området.
- Barnehage- og skuleeigarar har tilsette som får kunnskap og kompetanse som fremjar utvikling og inkludering på det spesialpedagogiske området.
Fram til 2024 er Statped i ein omstillingsprosess. Dette som ein del av oppfølginga av Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO (regjeringen.no).
Dette inneber mellom anna at Statped
- framover skal ha eit særskilt ansvar for å støtte skuleeigarar i arbeidet deira for barn, unge og vaksne med varige og omfattande behov for særskild tilrettelegging
- skal sjåast i samanheng med Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis, som skal byggast opp over fleire år og bli ei varig ordning frå 2025, og der Utdanningsdirektoratet har ansvaret for oppbygginga i samarbeid med KS og oss
- har ein særskild funksjon knytt til samiskspråklege med spesialpedagogiske behov, basert på god forståing for samisk språk og kulturutvikling
- driv Diamanten skole, som er ein grunnskule og vidaregåande skule for døvblindfødde i Oslo
- har ansvar for den faglege oppfølginga i eit pilotforsøk der barnehagar og skular gir eit opplæringstilbod i teiknspråk til barn av døve foreldre (KODA) og søsken av teiknspråkbrukarar
- ikkje lenger skal forske eller finansiere forsking
Statped sine tenester er ikkje lovpålagde. Tenestene har bakgrunn i barnehagelova og opplæringslova. Tenester til vaksne har bakgrunn i opplæringslova § 4A-2.