Kva er Statped? | www.statped.no

Kva er Statped?

Statped er eit direktorat under Kunnskapsdepartementet. Vi er ei spesialpedagogisk støtteteneste for kommunar og fylkeskommunar som bidrar til at sektormåla for barnehagen og grunnopplæringa blir nådd.

Statped enkelt forklart

Nokre barn og elevar har varige, omfattande og komplekse utfordringar med å sanse, kommunisere og lære. Statped tilbyr støtte til kommunar og fylkeskommunar så utdanninga av barn og elevar med slike utfordringar følger barnehage- og opplæringslova.

Kommunar og fylkeskommunar har ansvaret for at barn og elevar med varige og omfattande behov for særskild tilrettelegging får gode, tilpassa barnehage- og opplæringstilbod i ein inkluderande fellesskap.

Statped skal arbeide etter desse måla i 2022:

  • Barnehage- og skuleeigarar får målretta tenester på det spesialpedagogiske området.
  • Barnehage- og skuleeigarar har tilsette som får kunnskap og kompetanse som fremjar utvikling og inkludering på det spesialpedagogiske området.

 

Stortinget har bestemt at spesialpedagogisk kompetanse skal nærare barn og elevar. Derfor er Statped i ein omstillingsprosess fram til 2024 for å følge opp Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO (regjeringen.no).

Dette inneber mellom anna at Statped

  • framover skal ha eit særskilt ansvar for å støtte skuleeigarar i arbeidet deira for barn og elevar med varige og omfattande behov for særskild tilrettelegging
  • skal sjåast i samanheng med Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis, som skal byggast opp over fleire år og bli ei varig ordning frå 2025, og der Utdanningsdirektoratet har ansvaret for oppbygginga i samarbeid med KS og oss
  • har ein særskild funksjon knytt til samiskspråklege med spesialpedagogiske behov, basert på god forståing for samisk språk og kulturutvikling
  • driv Diamanten skole, som er ein grunnskule og vidaregåande skule for døvblindfødde i Oslo
  • har ansvar for den faglege oppfølginga i eit pilotforsøk der barnehagar og skular gir eit opplæringstilbod i teiknspråk til barn av døve foreldre (KODA) og søsken av teiknspråkbrukarar
  • ikkje lenger skal forske eller finansiere forsking

Statped sine tenester er ikkje lovpålagde. Tenestene har bakgrunn i barnehagelova og opplæringslova. Tenester til vaksne har bakgrunn i opplæringslova § 4A-2.

Statpeds nye rolle

− I de kommende årene skal vi i Statped tilpasse de spesialpedagogiske tjenestene våre enda bedre til brukernes behov.

Annemarie Bechmann Hansen
Statpeds direktør 

Filmar om Statped og laget rundt barn og elevar

Bli kjend med kva vi gjer, korleis og kvifor

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Tusen takk for hjelpen!