Nattland oppveksttun, Merkurvegen 30, 5098 Bergen

På Nattland oppveksttun leiger Statped lokale for elevar og foreldre som skal lære teiknspråk. Statped samarbeidar også tett med barnehagen for barn under opplæringspliktig alder som lærer teikn. Kontakt resepsjonen om du er usikker på vegen dit du skal.

Les meir om deltidsopplæringa her.

Vegforklaring

Det er svært få parkeringsplassar ved Nattland oppveksttun. Vi oppmodar difor til å reise kollektivt. Her ligg Nattland oppveksttun (kart på googlemaps).

Frå Bergen sentrum

Frå Bergen sentrum kan du ta buss nummer 80 til Nattland oppveksttun. Bussen tar om lag 30 minutt. Busstoppet ligg i Merkurvegen.

Søk rutetider på skyss.no 

Frå flyplassen

Frå Bergen lufthavn Flesland kan du ta bybane og buss til Nattland oppveksttun. Ta bybanen frå Bergen lufthavn til Nesttun sentrum. Gå til busstoppet og ta buss 80 til Merkurvegen.

Søk rutetider på skyss.no 

Frå Paradis

Frå Paradis kan du buss til Nattland oppveksttun. Ta buss nummer 21 frå Paradiskrysset til Birkelundstoppen. Byt over til buss nummer 80 og ta buss til Merkurvegen.

Søk rutetider på skyss.no 

Statped tilbyr tidvis transport for elevar og foreldre frå Paradis til Nattland. Dette får du eventuelt meir informasjon om.