Sandbrekkevegen 27, 5231 Paradis

Kurssenter, Statped Vest, Paradis i Bergen
Kontorer, Statped vest, Paradis i Bergen

Vegforklaring

Bil

Frå nord: Fylkesveg 582. Omlag 7,5 km sør for Bergen tar du til venstre i lyskrysset på Paradis. Kjør inn Sandbrekkeveien.

Frå sør: Fylkesveg 582. Omlag 2,5 km nord for Nesttun tar du til høgre i lyskryss på Paradis. Kjør inn Sandbrekkeveien.

Frå nord og sør: Følg Sandbrekkevegen. Etter kvart passserer du ein brannstasjon på venstre hand. Fortsett rett fram forbi Paradis Auto. Etter omlag 200 meter finn du Statped. Kurslokala er på venstre side, kontora og butilbodet ligg til høgre. Du kan parkere gratis ved kurssenteret.

Bybanen

Bybanen går frå Bergen sentrum til Flesland. Statped held til midt på ruta, nær stoppet på Paradis. Du kan ta bybanen til Paradis frå alle Bybane-stoppa.

Når du går av på Paradis, tar du trappa opp til Paradiskrysset. Ta til høgre og følg fortauet langs Sandbrekkevegen. Etter kvart ser du ein brannstasjon og Paradis Auto på venstre hand - då er du på rett veg. Følg vegen vidare og du finn Statped vest 200 meter etter Paradis Auto.

Kurslokala er på venstre side, kontora og butilbodet ligg til høgre. Sjå nettsida til Skyss og bybanen for ruteinformasjon

Sjå kart over vegen frå Bybanen til Paradis.

Fly

Bybana går frå Bergen lufthavn Flesland til Paradis. Sjå kart over vegen frå Bybanen til Paradis.

Drosje er også eit alternativ frå Bergen Lufthavn Flesland. For enkelte brukarar med avtale i helsevesenet, gjeld eigne reglar for refusjon av drosjeutgifter. Kontakt HELFO viss du har spørsmål.

Butilbod

I Sandbrekkevegen har Statped eit butilbod for dei som treng overnatting. Les meir om butilbodet her.