Statpeds årsrapport 2013

– Spennande å vere med å skape nye Statped

– Eg søkte denne stillinga fordi det er spennande å vere med på ei nyetablering og nyskaping, sa Gerd Ingunn Opdal då ho vart regiondirektør i Statped vest.

Vil gjere Statped meir profilert og synleg

Gerd Ingunn ser fram til å gjere Statped meir profilert og synleg hjå samarbeidspartnarane. Det er ho på god veg til. På tavla som heng på Paradis i Bergen der Statped vest held til, er det plotta inn på kartet kva for kommunar det er inngått rammeavtalar med og kor samarbeidsavtalane er i boks. I 2013 er det inngått 63 rammeavtalar av 89 moglege.

Omstilling gjev nye perspektiv

Gerd Ingunn kom frå jobben som organisasjonsdirektør i Hordaland fylkeskommune. Ho har vore rådmann og helse- og sosialsjef og har heile karrieren sin på Vestlandet. Ho har røtene sine i Gulen, bur i Etne og pendlar til Bergen. Kunnskapen om Vestlandet er god ballast for å få kommunane i tale.

– Når eg ikkje er på jobben, sit eg som oftast i bilen, seier ho spøkefullt. Ikkje berre spøk, for avstandane er lange. Kommunebesøka knytt til rammeavtalane tek ho sjølv. Ho sit i styret i Kirkens Bymisjon og har i mange år vore aktiv i KFUK‒KFUM. Ho er ein person som bryr seg om folk, og ho likar det meiningsfylte i Statpeds samfunnsoppdrag. Ein raus person, seier medarbeidarane i Statped vest.

Gerd Ingunn synest omstilling talar til henne. – Det gjev nye perspektiv og gjer handlingsrommet som leiar større, og ein ser ofte utover eigen «andedam », meiner ho. Med hovudfag i administrasjons- og organisasjonsvitskap og master i samfunnsplanlegging og leiing er det lett å skjøne. Ho har vore med på omstillingsprosessar i fleire kommunar og synest slike prosessar ofte er til å kjenne att frå verksemd til verksemd. – Ein må ha respekt for eigenarten til verksemda og fagfolka, slår ho fast.

Kompetanse i kommunalt samarbeid

I 2013 har Statped vest lagt stor vekt på eit internt kompetanseutviklingsprogram for å utvikle og byggje opp kontaktpersonar i kommunalt samarbeid. Siktemålet har vore å tryggje rådgjevarane i rolla som kontaktpersonar og i samarbeidet med kommunane. Dei skal samarbeide med fagfolk i kommunane, delta i nettverk i PP-tenesta og skolere fagfolk der. – På denne måten blir det systemretta samarbeidet med kommunane ytterlegare styrkt. Og det er vorte godt motteke i kommunane, fortel Gerd Ingunn.

Statped vest har ansvar for å yte tenester i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, og kartet på Paradis fortel at noko går føre seg nesten overalt. – Nokre stader er vi i ferd med å starte opp, og andre stader er avtalane på plass. Andre stader att har det konkrete samarbeidet gått over fleire år gjennom etablerte samarbeidsavtalar. Samarbeidsavtalane vert ytterlegare konkretiserte gjennom aktivitetsplanar som følgjer skuleåret. Dette skjer i tett dialog mellom kontaktpersonane våre og kommunar og PP-tenester.

Målrette tenesta

Men før aktivitetsplanane er klare, ligg det eit stykke arbeid bak. Gerd Ingunn legg grunnlaget for rammeavtalane ved å kontakte ordførarar eller rådmenn, gjerne gjennom regionråda. Det er viktig med politisk og administrative forankring. Etter rammeavtalane som skal klargjere ansvar og rollefordeling mellom Statped og kommunane, følgjer avdelingsleiarane opp med å utvikle samarbeidsavtalar. Desse avtalane går rett inn i behova ein skule eller barnehage kan ha for råd og rettleiing i individsaker eller knytt til systemretta arbeid i kommunen.

– Samarbeidsavtalane legg rammer for alle som er involverte. Det gjev oss eit godt utgangspunkt for å kome tettare på og lage dei konkrete aktivitetsplanane saman med dei det gjeld. I tillegg gjev det rom for å setje i verk tiltak tidleg i barnehage- eller opplæringsløp.

Vidareføringar og utfordringar i 2014

– Vi legg trykk på arbeidet med
kommuneavtalar
i år òg og kjem
samstundes til å skjele til etter- og
vidareutdanninga av PP-tenesta, som
er ei stor satsing i år. Stortinget utfordrar
oss til å utvikle og styrkje det
systembaserte arbeidet, og som ei
følgje av det, skal kompetansen i PPtenesta
styrkjast. Sjølv om omfanget
av spesialundervisninga på landsbasis
er i ferd med å gå ned, vert det framleis
brukt store ressursar på sakkunnige
vurderingar. Å bruke fleire ressursar til
meir systembasert bistand til skular og
barnehagar vil setje dei betre i stand til
å gje tilpassa og inkluderande opplæring.
På den måten kan noko av
behovet for individuell spesialundervisning
førebyggjast. Statped skal vere ein
aktiv samarbeidspart for kommunane
og fylkeskommunane i denne samanhengen,
seier Gerd Ingunn Opdal.

– Vi legg trykk på arbeidet medkommuneavtalar i år òg og kjem samstundes til å skjele til etter- og vidareutdanninga av PP-tenesta, som er ei stor satsing i år. Stortinget utfordrar oss til å utvikle og styrkje det systembaserte arbeidet, og som ei følgje av det, skal kompetansen i PP-tenesta styrkjast. Sjølv om omfanget av spesialundervisninga på landsbasis er i ferd med å gå ned, vert det framleis brukt store ressursar på sakkunnige vurderingar. Å bruke fleire ressursar til meir systembasert bistand til skular og barnehagar vil setje dei betre i stand til å gje tilpassa og inkluderande opplæring. På den måten kan noko av behovet for individuell spesialundervisning førebyggjast. Statped skal vere ein aktiv samarbeidspart for kommunane og fylkeskommunane i denne samanhengen, seier Gerd Ingunn Opdal.

Side 43 av 64