Statpeds årsrapport 2014

Skryt til Statped

Jenny Sorterup Hysing og Anne-Merete Kleppenes i Statped vest og fleire støttespelarar har utvikla «God ASK». Dei har fått mange gode tilbakemeldingar frå brukarane av ressursen etter at han vart lansert. Her er eit par eksempel:

«Må berre få lov til å takke for eit godt rettleiingsmateriell – God ASK. Så innhaldsrikt og strukturert program har eg ikkje vore borti før! GODT JOBBA!»

«Vi orienterte om God ASK i ASK-nettverket vårt i går, og det vart godt motteke. Håpar barnehagar og skolar kjøper God ASK og bruker det til kompetanseheving for personalet.»

Side 67 av 88