Statpeds årsrapport 2015

Lærte alle barna teiknspråk

Tekst: Ragnhild Thomsen Thornam
Foto: Paul Sigve Amundsen

Tre skular og ein barnehage på Vestlandet har testa ut effekten av å lære noko teiknspråk til alle barn og tilsette. Slik inkluderer dei barn med nedsett høyrsel. Prosjektet har fått merksemd i massemedia og stor spreiing i sosiale media.

Teiknspråkpiloten var eit prosjekt i Statped på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet som blei avslutta hausten 2015. Målet var å gjere teiknspråket meir synleg i grunnopplæringa og auke statusen til det offisielle og fullverdige språket. Under rettleiing frå Statped testa ein barnehage og tre skular ut å la alle barna lære noko teiknspråk for å inkludere barn med nedsett høyrsel.

– Å bruke teikn-til-tale gir barn større ordforråd og betre forståing av omgrep. Det viser både forsking og erfaringa vår. Tida er heldigvis forbi då både pedagogar og andre trudde at teiknspråk stod i vegen for å utvikle talespråk. Det er tvert imot positivt å lære seg eit ekstra språk, seier Margrethe Fjæren i Statped.

Meir med i leiken

I Bø barnehage på Radøy tok alle dei 70 barna og 20 tilsette del i ulike teiknspråktiltak, som å bruke teikn i samlingsstund, under måltid, i spill og i leik. Fleire av dei tilsette deltok på teiknspråkkurs og fekk i halvanna år månadleg rettleiing av Statped.

– Bruk av teiknspråk har gagna alle barna. Vi ser at barn som bruker lang tid før dei klarer å uttrykkje seg på norsk, blomstrar når dei tar i bruk teikn, seier støttepedagog Ingvill Hovland i Bø barnehage.

For fire år gamle Elida, som har store høyrselstap på begge øyra, har det vore svært positivt at alle barna kan nokre teikn.

– Elida føler seg meir normal når alle bruker teikn. Då føler ho at det ikkje er noko gale med henne, ho har berre eit anna språk. Før leika ho meir ved sida av dei andre, no er ho meir med i leiken. Ho er mindre sint og frustrert, seier mor til Elida, Elisabeth Vågenes.

Personalet i Bø barnehage synest pilotprosjektet var nyttig for fleire barn. Særleg framandspråklege barn er raskare med i dialogen når dei kan bruke teikn som støtte i kommunikasjonen.

Eit radikalt prosjekt

Professor Patrik Kermit ved NTNU evaluerte teiknspråkpiloten på oppdrag frå Statped. Han skildrar prosjektet som radikalt, fordi det byggjer på ein tanke om at fellesskapet skal tilpasse seg individet med særskilde behov – og ikkje omvendt.

– Vi veit at det nesten alltid er ein styrke å kunne fleire språk. Det er mange døme på korleis teikn blir brukt for å stimulere ulike grupper, som spedbarn, utviklingshemma og andre. Det er difor positivt at alle har fått ta del i tiltaka, seier Patrik Kermit.

Merksemd i media

Statped har som eitt av tre hovudmål å spreie kunnskap og kompetanse innan spesialpedagogiske fagområde. Teiknspråkpiloten har vore omtalt både på nettsida www.statped.no og i StatpedMagasinet. I tillegg har ulike massemedia hatt reportasjar om pilotprosjektet. Forskingsnettstaden www.forskning.no publiserte også ein artikkel om teiknspråkpiloten. Saka blei delt meir enn 4300 gonger på Facebook. Det er eit svært høgt tal på delingar.

Gjennom spreiing i massemedia og sosiale media har informasjon om teiknspråkpiloten nådd mange. Statped har mellom anna blitt kontakta av barnehagar som har høyrt om prosjektet og ønskjer meir informasjon. Ein av dei er Solås barnehage i Gjesdal kommune. I vinter kom ein delegasjon frå barnehagen, PP-kontoret og barnehageadministrasjonen på besøk til Statped.

– Vi kom over artikkelen om teiknspråkpiloten på www.forskning.no og synest det var spanande å lese. Barnehagen har jobba med teikn-til-tale i mange år, men har sakna ei stadfesting på dei gode erfaringane vi har med bruk av teikn. Det fekk vi i artikkelen, seier styrar May Britt Nordtveit i Solås barnehage.

No ønskjer Gjesdal kommune å ta i bruk teikn i fleire barnehagar.

– Kommunen ønskjer å kome eit steg vidare og få tips og idear til korleis fleire barnehagar kan nytte teikn. Vi tenker at teikn kan vere nyttig både for dei minste barna, fleirspråklege barn, barn med språkvanskar og sein språkutvikling, og for barn med høyrselsproblem, seier logoped Kristin Ravndal i Gjesdal PPT.

Side 12 av 33