Statpeds årsrapport 2015

– Eit vellukka prosjekt

NTNU Samfunnsforskning har evaluert Vi sprenger grenser. Tiltaka i prosjektet har gitt ei positiv utvikling for både elevar og tilsette. Utfordringa er likevel å overføre arbeidsmåten til skulekvardagen.

Dette er ein av konklusjonane til seniorforskar Anne Kittelsaa og professor Jan Tøssebro ved NTNU Samfunnsforskning. Dei har følgt Vi sprenger grenser frå sidelinja for å evaluere prosessen og resultata. Forskarane har vurdert om tiltaka aukar læringsutbytet og graden av inkludering hos barn og unge med utviklingshemming og store samansette lærevanskar.

– Prosjektet har vore vellukka. Barna har fått god oppfølging, dei tilsette har auka kompetansen sin og foreldra opplever å bli tatt på alvor, seier Anne Kittelsaa.

I Vi sprenger grenser har Statped bygd kompetanse rundt enkeltbarn. Statped har jobba tverrfagleg og samarbeidd med laget rundt barna, både personale i skule og barnehage, PP-tenesta og føresette.

– Prosjektet har leita etter metodar for at barna skal lukkast i skulen. Tiltaka har gått ut på å bygge opp ein systematikk rundt barna. Dette er blitt gjort utan å auke på med ressursar, men heller jobbe smartare, forklarar Kittelsaa.

I evalueringa har forskarane gjort individuelle intervju og fokusgruppeintervju med tilsette i skular og barnehagar, foreldre, PP-tenesta og tilsette i Statped. Dei har også deltatt i ulike prosjektgruppemøte og på pilotsamlingar i barnehagar og skular.

Vi sprenger grenser viser at for å få til inkludering, må ein ville det og sette i verk dei tiltaka som må til. Det handlar om å utvikle ressursane hos barnet og jobbe med personane rundt, slik at dei kan støtte opp om barnet si utvikling. Vi må styrkje både barnet og laget rundt det, seier Kittelsaa.

Størst suksess i barnehagane

Vi sprenger grenser har bestått av fleire pilotar i barnehagar og skular. Forskarane meiner at pilotane i barnehagane var særs vellukka. I skulen har pilotane vore mest vellukka på småtrinnet.

– Tilbodet til barn med utviklingshemmingar er ofte fragmentert, der ein halvhjarta gjer litt her og litt der. Jo eldre barnet er, jo meir oppdelt er gjerne tilbodet. Barnehagen har eit større ansvar enn skulen for heilskapen rundt barnet. Difor er det gjerne lettare å skape eit meir heilskapleg tilbod i barnehagen, seier Kittelsaa.

I barnehagepilotane er suksesskriteria mellom anna hyppig og konkret rettleiing frå Statped, godt samarbeid med foreldra, eit barnehagepersonell med entusiasme, engasjement og vilje til å lære. At barnehagepilotane kom først i gang og varte lengst, har truleg også betyding for det vellukka resultatet.

Haldningar i skulen

Skulepilotane viser at rolleavklaring og godt samarbeid mellom kontaktlærar, spesialpedagog og assistent er avgjerande for godt fagleg og sosialt utbyte på skulen hos barna i målgruppa. I tillegg er haldningar hos personalet og skuleleiinga ei vesentleg føresetnad for om skulen klarer å inkludere barn med utviklingshemmingar og store samansette lærevanskar.

– For å få til inkludering må personalet ville det. Dei må ha eit felles ønske om inkludering og tenkje at eleven med særskilde behov faktisk høyrer til i klasserommet. Då er skuleleiinga og rektor viktig, for det må jobbast systematisk med haldningar og skulemiljø, seier Kittelsaa.

Ho peiker på ei aukande ekskludering av elevar med utviklingshemming i Noreg, der elevane blir tatt ut av klasserommet og plasserte i spesielle grupper. Vi sprenger grenser er ein måte å bremse denne negative utviklinga på, meiner Kittelsaa.

Nokre av PP-kontora som deltok i Vi sprenger grenser, har vist vilje til å utvikle ny praksis og byggje opp systematikk rundt barna i målgruppa. Gjennom andre prosjekt ser forskarane ved NTNU at PP-tenesta generelt er stadig meir opptatt av førebygging og systematikk.

Evalueringa av Vi sprenger grenser viser at det er mogleg å få til ei positiv utvikling for barn med utviklingshemming og store samansette lærevanskar. Forskarane peiker likevel på at det truleg ikkje er nok med innsats frå Statped. Dei etterlyser politiske signal om at undervisning av barna det gjeld, blir ein meir sentral oppgåve for barnehagar og skular.

Side 29 av 33