Statpeds årsrapport 2016

Spisskompetanse, kreativitet og tolmod

Feresthe Halimi og Azizollah Mohammadi sitter sammen foran en PC når Azizollah leser med talesyntene på PC

Fereshte Halimi og Azizollah Mohammadi. Foto: Morten Brun

Spisskompetanse er naudsynt for å undervise vaksne som er blinde, analfabetar og minoritetsspråklege. Azizollah Mohammadi lærer seg å lese og skrive punktskrift på norsk gjennom eit samarbeid mellom Statped og vaksenopplæringa i Drammen.

I eit klasserom på Introduksjonssenteret i Drammen sit Azizollah Mohammadi (47). Han har slått på den berbare pc-en og er klar for å øve på ord for veka: vêrmelding og fisketur. Hendene vekslar mellom å lese ordet på leselist og skrive det på tastaturet. Mohammadi ser ikkje skjermen, men ein talesyntese les det han skriv. Assistent Fereshte Halimi rettleiar og motiverer.

– Kvar veke har klassen diktat. Ein gong var Azizollah den einaste som stava eit ord rett. Då var han stolt, seier Halimi.

Tøft å vere blind

Mohammadi kjem frå Afghanistan, men flykta til Iran for 20 år sidan. Kort tid etter blei han blind som følge av ubehandla sjukdom. Det var tøft å vere blind i Iran. Folk plaga han for funksjonsnedsettinga og slo han med stokken han orienterte seg med. For fem år sidan tok Mohammadi med seg kone og fem barn til Noreg i regi av FN.

Her blei han introdusert for Fereshte Halimi. Ho er sjølv flyktning frå Iran og snakkar persisk som Mohammadi. Halimi takka ja til jobb som assistent, og sidan har dei møtt kvarandre nesten kvar dag.

– Eg hadde ikkje lært noko utan Fereshte, rosar Mohammadi. Han snakkar persisk under intervjuet medan Halimi tolkar.

Fereshte Halimi. Foto: Morten Brun

Fekk tenester frå Statped

Tilbake i klasserommet viser læraren fram bilete på smarttavla. Soveposar. Fisketur. Skyfri himmel. Bilete er eit godt verkemiddel når elevar skal lære eit nytt språk, men for Mohammadi er dei verdilause. Halimi skildrar kva bileta viser. Mohammadi lyttar. I snart fem år har Mohammadi vore elev ved vaksenopplæringa i Drammen. Grunna synshemminga har Mohammadi rettar etter opplæringslova. Kommunen har ansvar for å gi vaksenopplæring, men kan søkje spesialpedagogiske tenester hos Statped.

– Azizollah og eg har vore på kurs hos Statped fleire gonger. Eg har lært meg punktskrift, slik at eg kan undervise Azizollah, seier Halimi.

Det er nettopp det som er intensjonen. Tenestene frå Statped skal gi kommunen kompetanse til å følgje opp innbyggjarane sjølv. Gjennom kurs lærer brukarar og tilsette teknikkar og utstyr som kompenserer for synsvansken. Dette omfattar IKT, punktskrift, mobilitet og aktivitetar i dagleglivet.

– Kursa i Statped er lærerike og nyttige. For Azizollah er det dessutan positivt å møte andre blinde og sjå kva som er mogleg å få til. Det gjorde sterkt inntrykk å møte tilsette i Statped som er blinde, men har sjåande barn. Det motiverte han til å klare meir sjølv, seier Halimi.

Kreativ undervisning

Som flyktning til eit nytt land er det ein krevjande kombinasjon å vere blind, analfabet og framandspråkleg. Mohammadi har måtta lære seg både norsk, abc og punktskrift. Dei fire første åra fekk han ein-til-ein-undervisning utanfor klassefellesskapet.

– Eg kunne verken lese eller skrive, så det var utruleg vanskeleg å lære. Eg forstod ikkje kva punkta var og kva dei betydde. Men etter kvart lærte eg litt og litt, seier Mohammadi.

Mohammadi sleit med å forstå prinsippa bak punktskrift. Eit teikn i punktskrift er ei celle med inntil seks opphøgde punkt, tre til venstre og tre til høgre. Punkta i cella kan kombinerast på 64 ulike måtar. Halimi måtte tenke kreativt i undervisninga.

– Vi såg for oss at punktcella var eit rom, og at punkta var kona og dei fem borna til Azizollah. Så lærte vi oss punkta ved å tenke kven som var heime og kven som var ute, kven som låg i senga og kven som satt i sofaen, skildrar Halimi.

To fingre over en leselist

Etter kvart introduserte Halimi persiske ord. Ho begynte enkelt, med «ab», som betyr vatn. Neste ord var «baba», som er far. Gradvis innførte Halimi enkle, norske ord.

– Det har vore heilt avgjerande at Azizollah og eg snakkar eit felles språk. I etterkant ser eg at eg burde brukt persisk endå meir og venta lenger før vi starta på dei norske orda, seier Halimi.

Etter eit år knekte Mohammadi lesekoden. I dag les han sakte, men skriv raskt. – På eit tidspunkt vurderte vi å droppe målet om at Azizollah skulle lære å lese og skrive. Men eg er opptatt av å ivareta rettane hans og at han skal meistre punktskrift, seier Halimi. Ho har utdanning i økonomi og menneskerettar frå Iran, men studerer no norsk som andrespråk og synspedagogikk. Masteroppgåva skal handle om utfordringar i opplæringa av blinde med minoritetsbakgrunn.

Krav om å klare seg sjølv

Mohammadi har merka kulturforskjellane mellom Iran og Noreg. I Iran fekk han hjelp til det meste fordi han er blind. Ingen venta noko av han. I Noreg blir han møtt med krav om å klare mykje sjølv. Dette fekk han brutalt erfare på det første kurset hos Statped, då han blei utfordra til å gå opp ei trapp åleine. Mohammadi begynte å gråte, sa at han blei plaga og aldri ville klare trappa.

Sidan har han styrkt sjølvtilliten og endra innstillinga til kva han skal få til. Gjennom systematisk opplæring i mobilitet og aktivitetar i dagleglivet tar han seg no fram enkelte stader utan hjelp og klarer fleire kvardagslege gjeremål sjølv.

– I dag går Azizollah åleine til butikken, på besøk til ein ven eller tar bussen til byen for å møte barna sine etter skulen. Han kan til dømes koke ris sjølv, noko som var utenkeleg i Iran, seier Halimi.

Sjølvtillit og meistring

Det femte og siste skuleåret går Mohammadi i klasse med 25 andre elevar i alderen 16 til kring 50, dei fleste frå Syria. Han trivst i fellesskapet, småpratar med dei andre og tek del i gruppearbeid. Halimi assisterer og legg til rette for Mohammadi i dialog med læraren. Ho skriv ord for veka på punktskrift, med norsk skrift over slik at barna kan hjelpe faren med leksene om naudsynt. Halimi har som mål at Mohammadi skal avslutte skulegangen med ei god kjensle.

– Å lære seg punktskrift har gitt Azizollah sjølvtillit og kjensle av å meistre. Han har erfart at han kan lære noko viss han jobbar hardt. Nyleg las han høgt i klasserommet og fekk applaus og bravo-rop frå medelevane, seier Halimi.

Om fem månader er Mohammadi ferdig på skulen. Kva han skal fylle dagane med etterpå, er uvisst.

Side 7 av 32