Statpeds årsrapport 2016

Treng meir kunnskap om opplæringa

Å følgje opp minoritetsspråklege som er blinde, krev meir enn vanleg synspedagogisk kompetanse.

Annelise Qvale. Foto: Morten Brun

Statped vil utvikle meir kunnskap på feltet. Annelise Qvale, seniorrådgjevar i Statped, har dei siste åra følgd med på opplæringa av Azizollah Mohammadi. Ho er blitt særleg merksam på kompleksiteten ved å vere både blind, analfabet og minoritetsspråkleg.

– Det er ei stor utfordring å lære norsk og punktskrift samstundes. Det er ekstra krevjande for ein som ikkje kan abc frå før, seier Qvale.

Astrid Kristin Vik. Foto: Morten Brun

– Å komme til eit nytt land, er ei stor omstilling i seg sjølv. Personar som i tillegg er blinde, treng ekstra tett oppfølging, supplerer seniorrådgjevar Astrid Kristin Vik i Statped. Ho koordinerer eit fagnettverk for punktskrift i Statped.

Diskuterer behova

Vik og Qvale meiner det trengst meir kunnskap om punktskriftopplæring for blinde med minoritetsbakgrunn. Det er til dømes svært lite litteratur og materiell til bruk i opplæringa.

– Vi kan mykje om punktskriftopplæring, men vi kan ikkje bruke kunnskapen direkte når vi rettleiar kommunen i å lære opp personar med minoritetsbakgrunn, seier Vik. Fagnettverk for punktskrift diskuterer korleis ein kan legge til rette opplæringa og utvikle relevant materiell. Lese- og skriveopplæring for minoritetsspråklege baserer seg normalt på bilete. Materialet kan difor ikkje omsetjast direkte til punktskrift. Ordinært materiell for å lære punktskrift, tar ikkje høgde for at eleven snakkar eit anna språk.

– Sjølv om vi utviklar nytt materiale, må vi alltid vere tett på kvar enkelt elev ved at Statped støttar kommunen med å tilpasse opplæringa etter behova til eleven, understrekar Vik.

Samarbeid med Statped

Blinde med minoritetsbakgrunn utgjer ei lita brukargruppe. Kommunar har som oftast lita eller inga erfaring med problemstillinga. Difor er det viktig at kommunar og Statped samarbeider om å følgje opp brukarane. Kommunane kan søke tenester frå Statped for vaksne med synsvanskar som har rettar etter opplæringslova.

– Samarbeid er viktig fordi kommunane ved vaksenopplæringa står nærast brukaren, medan Statped kan bidra med spisskompetanse, seier Vik.

– Statped held kurs for brukarar og tilsette i kommunane. Vi kan også bidra i å utforme individuelle opplæringsplanar og gi råd og rettleiing til tilsette i vaksenopplæringa, seier Qvale.

Side 8 av 32