Statpeds årsrapport 2017

Eit godt system for brukarmedverknad

Brukarmedverknad er viktig for Statped. Den årlege brukarkonferansen er ein av fleire arenaar der Statped og representantar for brukarorganisasjonane bygger relasjonar og utvekslar kunnskap og erfaringar.

Innspel frå brukarane er verdifulle når Statped skal utvikle relevante tenester. Etaten har difor sett brukarmedverknad i system. Brukarorganisasjonane peiker sjølve ut representantar som jamleg møter Statped i formelle fora.

Desse foruma er

  • nasjonalt brukarråd
  • regionale brukarråd
  • faglege samarbeidsråd
  • ungdomspanel

I tillegg blir alle brukarrepresentantane inviterte til ein årleg konferanse i februar. Den første dagen er eit lukka arrangement for representantane, medan alle interesserte er velkomne på dag to. Statped og det nasjonale brukarrådet samarbeider om tema og innhald på konferansen.

I år var temaet digital tenesteyting. Brukarar, tilsette i Statped og inviterte gjester frå både politikk og forvaltning deltok med innlegg og i debattar.

– Brukarkonferansen er ein fantastisk arena for fagleg påfyll. Her møter eg folk som har det same fokuset og jobbar med dei same sakene som eg, seier Evy Skogedal, som sit i det regionale brukarrådet i Statped vest. Ho representerer Norsk Forbund for Utviklingshemmede i Hordaland.

Godt system for medverknad

Sverre Fuglerud og Anders Hegre er røynde brukarrepresentantar og rosar Statped for å leggje godt til rette for brukarmedverknad.

– Systemet er veldig bra, med brei representasjon og brukarmedverknad på alle nivå, seier Sverre Fuglerud frå Norges Blindeforbund.

Anders Hegre frå Hørselshemmedes Landsforbund meiner Statped er eit førebilete for andre.

– Leiinga prioriterer brukarmedverknad og har sett han i eit godt system, seier Hegre. Brukarrepresentantane opplever at Statped lyttar også når dei tar kontakt utanom dei formelle strukturane. Fuglerud trur slik erfaringsutveksling gagnar begge partar, fordi Statped og organisasjonane ofte sit på ulik informasjon i politiske saker eller forvaltningsmessige prosessar.

– Eg får raskt svar og opplever at leiinga er svært tilgjengeleg, seier Fuglerud.

Viktige innspel

I møte med brukarrepresentantane legg Statped vekt på å informere om arbeidet i etaten. Men vel så viktig er det å få innspel frå brukarane. Brukarrepresentantane synest også det er naudsynt å få gi innspel.

– Statped forstår krafta som ligg i brukarmedverknad. Innspel frå brukarane er heilt avgjerande for å gi gode tenester og auke kvaliteten på dei, trur Åsne Midtbø Aas frå Dysleksi Norge.

Terje Holsen frå Norsk Tourette Forening stemmer i.

– Brukarane har ein kunnskap som Statped ikkje har. Det er viktig at vi snakkar saman, slik at brukarane får eit best mogleg tilbod, seier Holsen.

Vaktbikkje og samarbeidspart

Brukarrepresentantane ser på seg sjølve som ein samarbeidspart for Statped, men også som ei vaktbikkje. Dei opplever at medverknaden er reell og at innspela blir lytta til. Dei nemner konkrete døme på korleis innspel har ført til endringar. Eit av døma skriv seg allereie frå tida då Statped blei skipa. Åsne Midtbø Aas fortel at representantane påverka utforminga av sjølve systemet for brukarrepresentasjon.

– Vi var tydelege frå starten. Difor har Statped no ein struktur med brukarråd både nasjonalt, regionalt og på fagområda, seier Aas.

Andre døme på resultat av brukarmedverknad er innhaldet i foreldreopplæringa, momenta i målbiletet og produksjonen av punktskriftbøker.

– Eg er trygg på at Statped og brukarorganisasjonane har det same målet, nemleg å gjere opplæringstilbodet best mogleg for brukarane. Det oppnår vi ved å snakke saman, seier Terje Holsen.

System i utvikling

Brukarrepresentantane meiner at Statped har eit godt system for medverknad, men ser likevel rom for betring. Til dømes etterlyser dei fleire tilbakemeldingar på korleis Statped jobbar med saker dei har spelt inn.

– Det ville vore svært meiningsfullt å få vite meir om resultatet av innspela våre, seier Evy Skogedal. Ho etterlyser også at liva og utfordringane til utviklingshemma får større merksemd i Statped og i brukarmedverknaden. Dette innspelet tar Statped med seg.

Direktør Tone Mørk fortel at Statped også jobbar med å få betre samanheng mellom dei ulike arenaene i brukarmedverknaden. Til dømes vil etaten binde brukarråda betre saman ved at innspel frå dei regionale råda blir tatt inn i det nasjonale. Det vil også bli peikt ut ein person som får ansvar for å koordinere innspela.

Side 24 av 31