Statpeds årsrapport 2017

Nytt ungdomspanel

 

Statped ønsker fleire innspel frå ungdom og har nyleg oppretta eit ungdomspanel. Dermed har dei unge fått ei tydelegare stemme i brukarmedverknaden.

Ungdomspanelet består av sju ungdommar frå ulike brukarorganisasjonar. Panelet hadde sitt første møte i vinter.

Allereie under brukarkonferansen i februar deltok panelet i debatt om korleis vi kan sikre at elevar med funksjonsnedsetting får likeverdig opplæring.

Treng betre innblikk

Direktør Tone Mørk i Statped er svært nøgd med at Statped no har fått på plass eit ungdomspanel. Ho har sakna unge stemmer i brukarmedverknaden og seier at det har vore vanskeleg å rekruttere ungdom til å sitje i brukarråda. No håpar ho Statped vil få betre innblikk i kva dei unge tenker og er opptekne av.

– Eg ser fram til å lytte til dei unge. Vi treng å høyre direkte frå dei unge sjølve kva dei tenker om til dømes utfordringar i skolen og studenttilværet, seier Mørk.

Ungdomspanelet ser fram til å gi Statped innspel.

– Vi som er unge, har andre erfaringar enn mange av dei andre medlemmene i brukarorganisasjonane. Vi er der det skjer og kan gi innspel som har direkte relevans, meiner Bernt Wu i Norges Blindeforbunds Ungdom.

– Vi kan vere til nytte i prosjekt og saker som Statped treng tilbakemelding på, seier Martin Berhovde i Unge funksjonshemmede.

Innspel om digitalisering

Panelet sjølv ser fram til å bidra og ønsker mellom anna å teste ut digitale løysingar undervegs.

– Det er ikkje all teknologi som fungerer like godt, men det får ikkje alltid pedagogane med seg. Vi kan gi tilbakemeldingar på innhaldet og metodane, seier Berhovde.

Ungdomspanelet oppmodar Statped til å ta det på alvor.

– Det er fint at Statped har skipa eit ungdomspanel, men det blir spanande å sjå korleis vi faktisk blir brukte, seier Margrethe Skinderviken i ADHD Norge Ung.

– Eg håper at ungdomspanelet ikkje berre blir til pynt og noko Statped har for syns skuld.

Vi er ikkje involverte berre fordi Statped har oppretta eit panel, påpeiker Berhovde.

Side 25 av 31