Om Statped
Statpeds strategi 2023–2027
Statpeds strategi 2023–2027 har seks innsatsområde som møter utviklingstrekk og utfordringar vi ser i opplæringssektoren.
Statped skal styrke
- det kunnskapsbaserte og praksisnære kompetansetilbodet som treff behova i kommunar og fylkeskommunar
- kompetansen om språk og kommunikasjon som grunnlag for deltaking, læring og utvikling for målgruppene våre
- det spesialpedagogiske arbeidet med samiske barn og elevar
- kompetansen til barnehagelærarar og lærarar i å nytte læremiddel for blinde, svaksynte og teiknspråklege
- samarbeidet med universitets- og høgskulesektoren ved å identifisere og følgje opp behov for innovasjon, forsking og utdanning
- rolla som tenesteytandre fagdirektorat, og vere ein synleg, tilgjengeleg og relevant aktør i opplæringssektoren
Utfordringsbilete
Målet er at barn, unge og vaksne med særskilde opplæringsbehov skal oppleve trivsel og meistring i inkluderandre læringsfellesskap, og at dei får eit tilfredsstillande og godt læringsutbytte.
Inkludering i barnehagar og skular handlar om at alle barn og elevar skal oppleve at dei har ein naturleg plass i fellesskapen. Dei skal kjenne seg trygge og kunne erfare at dei er viktige. Dei skal få medverke i å utforme tilboda sine for å oppnå meistring og få eit tilfredsstillande læringsutbytte.
Det du til no har lese, er eit utdrag av Statpeds strategi 2023–2027. I pdf-ene nedanfor finn du heile strategien, mellom anna også interne innsatsområde.
Side 3 av 13