Til hovedinnhold

Tildelingsbrev til Statped

Kunnskapsdepartementet (KD) styrer Statped. Tildelingsbrevet frå KD er Statpeds overordna styringsdokument. Her kan du lese gjeldande tildelingsbrev og hovudinstruks for økonomiforvaltning.

Tildelingsbrev til Statped for 2023 (pdf)

Om tildelingsbrevet

Tildelingsbrevet formidlar Stortingets budsjettvedtak, økonomiske rammer og fortel om KDs styring av Statped. Tildelingsbrevet gir eit overordna, men ikkje uttømmande oversyn over kva Statped skal prioritere og utføre for gjeldande år.

Hovudmål

Hovudmål 1: Kompetansebygging

  • Kommunar og fylkeskommunar får tenester og støtte til kompetanseutvikling som fremjar læring, utvikling og deltaking i eit inkluderande fellesskap til barn og elevar med varige og komplekse spesialpedagogiske behov.

Hovudmål 2: Opplæring

  • Barn og elevar med rett til opplæring i og på teiknspråk er inkluderte både i eit norsk/samisk og eit norsk teiknspråkleg fellesskap.

Hovudmål 3: Læremiddel og læringsressursar

  • Kommunar og fylkeskommunar har tilrettelagde læremiddel og pedagogisk materiell som fremjar læring, utvikling og deltaking for teiknspråklege, blinde og sterkt svaksynte barn og elevar i eit inkluderande fellesskap.

Diamanten skole

  • Elevar med medfødd døvblindheit ved Diamanten skole har eit tilrettelagt opplæringstilbod, og skal få moglegheit til å vere aktive deltakarar i eiga læring og utvikling.

Stortingsmelding

8. november 2019 la regjeringa fram Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende felleskap i barnehage, skole og SFO (regjeringen.no). Stortingsmeldinga varslar ei rekke endringar og tiltak som skal bidra til tidleg innsats og inkluderande fellesskap i barnehagen og gjennom hele opplæringsløpet. Meldinga blei behandla i Stortinget våren 2020.

Nokre av tiltaka berører Statped direkte:

  • Statpeds mandat skal bli tydelegare og meir avgrensa. Det gjeld både tenestene Statped skal tilby, og Statpeds bidrag til kompetansespreiing og kunnskapsutvikling. I ein overgangsperiode på fem år skal Statped bli endra i takt med kompetansebygging i kommunar og fylkeskommunar. Målet er å bringe kompetansen nærare barn og unge. Statped skal utvikle tenestene retta mot barn og elevar med varige, omfattande eller særleg komplekse behov for tilrettelegging.
  • Statped skal bidra til kompetanseheving i kommunar og fylkeskommunar på område dei skal handtere sjølv framover.