Spesifikke språkvansker, og andre vansker

Språk er ei grunnleggjande ferdigheit som grip inn i dei fleste sider av livet. Språkvanskar kan difor få konsekvensar for langt meir enn kommunikasjon.

På nokre område ser vi ein klar samanheng mellom språklege vanskar og følgjevanskar. Andre gonger ser vi ein samtidig førekomst av vanskar. Uansett årsaksforklaring, er det viktig å vere klar over konsekvensane av språkvanskar hos barn og unge.

Lese- og skrivevanskar

Å lese og skrive er språklege prosessar, og ein naturleg del  av språklegeutviklinga. Barn med språkvanskar får difor ofte problem med å tileigne seg funksjonelle lese- og skriveferdigheiter. 
Barn som har språkvanskar i førskulealder, utviklar ofte lese- og skrivevanskar i skulealder. Dei fleste vil dessutan få problem med å forstå det dei les, grunna vanskar med minnet og omgrepsforståing.
Du kan lese meir om lese- og skrivevanskar på sida: Dysleksi

Matematikkvanskar 

Matematikk føreset språklege ferdigheiter, særleg omgrepsforståing. Dei første skuleåra nyttar vi konkrete omgrep, og elevane med språkvanskar kan klare å følgje progresjonen. Seinare i skuleløpet er omgrepa meir abstrakte, og språkvanskane kan få store følgjer. 

Vanskar med merksemd og åtferd (AD/HD)

Barn og unge med språkvanskar kan mangle merksemd og uthald i situasjonar som krev språk. Merksemdsvanskar kan difor vere ein følgje av utfordringar med språklege ferdigheiter. AD/HD opptrer også hyppigare hos barn med språkvanskar enn hos andre. Merksemdsvanskar kan altså vere ein konsekvens av språkvanskane, eller ein samtidig førekomst.

Sosiale og emosjonelle vanskar

Språkvanskar er for mange eit vedvarande problem. Mange utviklar etter kvart sosiale og emosjonelle vanskar. Utfordringar knytt til leik og samvær med jamaldringar, kan føre til sosial tilbaketrekning og einsemd. Mange strevar med å etablere vennskap. Vanskar med å delta aktivt i samtaler og diskusjonar, kan gi dei unge låg sjølvtillit og ein manglande kjensle av meistring.