Spesifikke språkvanskar og konsentrasjon

Det er naturleg at barn og unge med språkvanskar manglar merksemd i situasjonar som krev språk. Samstundes har barn og unge med språkvanskar og ein hyppigare førekomst av AD/HD.

Merksemdsvanskar hos barn og unge med språkvanskar kan altså vere ein konsekvens av språkvanskane, eller det kan vere snakk om samtidig førekomst. Å vurdere moglege samanhengar er avgjerande når vi skal velje tiltak.

Språkvanskar og AD/HD

Det er ikkje uvanleg at barn med store språkvanskar utviklar AD/HD-liknande symptom som følgje av vanskane med å tileigne seg språk.

Småbarn som ikkje utviklar talespråk som forventa dei første leveåra, klarer ikkje å uttrykkje seg slik at omgjevnadene forstår dei. Då kan dei bli frustrerte og utagere. Desse reaksjonane er svært synlege, og kan overskygge språkvanskane som er den eigentlege årsaka til at barnet strevar.

Det er difor ikkje uvanleg at barn vert tilvist PPT med mistanke om AD/HD, mens utgreiinga viser at barnet har språkvanskar i staden for eller i tillegg til AD/HD.

AD/HD 

Barn med AD/HD viser langt oftare teikn på språkvanskar enn andre barn.

Felles kjenneteikn for barn med både AD/HD og språkvanskar er:

  • vanskar med å forstå språk
  • vanskar med å oppfatte nyansar i språket
  • vanskar med å bruke språk riktig i sosiale situasjonar
  • vanskar med å ta kontakt med andre på ein god måte
  • Vanskar med å uttrykkje seg samanhengande og presist når det stillast større krav til innhald.
    Eksempel er:
    • å gjere greie for faktiske forhold eller
    • å svare på konkrete spørsmål
  • Område knytt til språkleg struktur, som til eksempel setningsbygging og uttale, er ikkje like problematisk

Det er viktig at språkvanskane til barn med AD/HD blir tatt på alvor, og at ein set i verk tiltak for begge tilstander. Tidleg innsats er avgjerande for å førebygge vidare språkvanskar.

Les meir om AD/HD.