Spesifikke språkvanskar og teknologi

Teknologi gir elevar med språkrelaterte vanskar mange moglegheiter. Hjelpemiddel og læringsressursar kan vere med å kompensere for språkvanskane.

Elevar med språkvanskar treng særleg tilrettelegging i skulen. Med god tilrettelegging kan dei betre dei språklege ferdigheitene sine og kompensere for vanskane i størst mogleg grad.

Digitale tankekart

PC og nettbrett gir nye moglegheiter for korleis elevar kan nytte tankekart som læringsstrategi. Det er enklare å redigere og bruke visuelle verkemidlar som til dømes bilete og video når elevane nyttar PC eller nettbrett.

Digitale tankekart er ein særleg nyttig læringsressurs for elevar med språkvanskar.

Tankekarta kan bidra på fleire felt:

  • hjelp til auka grad av visualisering
  • reiskap for å arbeide med omgrep og auke ordforråd
  • hjelp til organisering og struktur av fagstoff
  • presentasjonsverkty som tek i bruk alternative framleggsmetodar

Ved å nytte seg av moglegheitene i tankekart-verktya, kan elevar i stor grad kompensere for språkvanskar. Den visuelle støtta bidreg til å auka læringsutbyte både når det gjeld å forstå og formidle språk.

Andre læringsressursar

Barn og unge med språkvanskar strever ofte med å tileigne seg funksjonelle lese- og skriveferdigheiter. Desse barna kan difor dra nytte av ulike tenester som hovudsakeleg er nytta av elevar med lese- og skrivevanskar.

Under følgjer nokre fleire eksempel på korleis digitale læringsressursar kan nyttast i opplæringa:

  • talesyntese for å lese opp tekst
  • digitale lærebøker
  • pensumlitteratur som lydbøker
  • scanning av tekst til dokument som kan lesast opp av ein talesyntese
  • talande tastatur
  • retteprogram og ordprediksjon, altså at dataprogrammet foreslår ord.
  • tale til tekst-funksjon på nettbrett og smarttelefon

Oppøve ferdigheit

Læringsressursane er i hovudsak er kompenserande. Likevel bidrar fleire av dei til å øve opp ferdigheit.

Døme på dette er:

  • Den visuelle støtta i digitale tankekart kan hjelpe eleven til ei betre omgrepsforståing og ei utvida ordforråd.
  • Talesyntesen kan hjelpe eleven å skrive betre tekstar. Når han får lest opp det han har skrive, er det enklare å høyre korleis ordval, formulering og struktur kan betrast.

Pedagogikken må styre teknologien

Skulen har eit ansvar for å nytte dei teknologiske moglegheitene til beste for elevar med språkvanskar. Dette inneber å ha oppdatert kunnskap om ulike løysingar og leggje til rette for god bruk. Men pedagogikken må styre teknologien. Digitale løysingar må ta utgangspunkt i kva eleven treng å lære og kva for mål som er sett.