Spesifikke språkvanskar, tverrfagleg utgreiing

Mykje kan virke inn på barnet si evne til å utvikle språk. Vi må difor sjå heilskapleg på barn med språkvanskar.

For å utvikle språk som forventa, er det ein føresetnad at høyrsel, minne, samspel og merksemd fungerer tilfredsstillande. Vanskar på dei nemnte områda vil ha ein negativ innverknad på språktileigninga. Difor er det viktig å vurdere desse fyrst.

Høyrsel

Høyrselen er avgjerande for evna til å utvikle talespråk. Språkutviklinga kan bli skadelidande hjå barn med nedsett høyrsel, eller barn med periodevis nedsett høyrslefunksjon grunna hyppige ørebetennelsar i småbarnsåra.

Nedsett høyrslesans er ikkje ein årsak til språkvanskar, men kan ha ein sterk negativ effekt på språktileigninga.

Les meir på høyrsel.

Minne

Vanskar med korttidsminne er eit av hovudproblema for barn og unge med språkvanskar. God minnefunksjon er ein føresetnad for eit vel fungerande språk. Minnevanskar påverkar i ulik grad språkforståinga negativt.

Vi må bruke standardiserte testar for å måle minne. Testane kan undersøke talminne, ordspenn, non-ord eller setningsminne.

Samspel

Barn utviklar språk i ein sosial kontekst. Sosiale og språklege ferdigheter vil difor alltid påverke kvarandre gjensidig.

  • Når språkvanskane er hovudproblemet, gir vanskane med å formidle og forstå språk utfordringar i samspel.
  • Når samspels- og kommunikasjonsvanskar er hovudproblemet, er språkvanskane ein naturleg følgje av dette.

Å vurdere moglege samanhengar er avgjerande når vi skal velje tiltak.

Vanskar med merksemd og åtferd (AD/HD)

Barn og unge med språkvanskar kan mangle merksemd og uthald i situasjonar som krev språk. Merksemdsvanskar kan difor vere ein følgje av utfordringar med språklege ferdigheiter. AD/HD opptrer også hyppigare hos barn med språkvanskar enn hos andre. Merksemdsvanskar hos barn og unge med språkvanskar kan altså vere ein konsekvens av språkvanskane, eller ein samtidig førekomst.

Les meir om vanskar knytt til konsentrasjon og merksemd på sidene: Språkvanskar og konsentrasjon og Samansette lærevanskar.