Spesifikke språkvanskar

Spesifikke språkvanskar er ein tilstand der barn med elles vanleg utvikling ikkje tileignar seg språk som forventa. Fem til sju prosent av alle barn har slike vanskar. Det vil seie at barn med språkvanskar er å finne i dei aller fleste barnehagar og klasserom.

Personar med språkvanskar strevar med å forstå eller uttrykkje seg på morsmålet sitt. Dei kan ha vanskar på eitt eller fleire språklege delområde.

Det er vanleg å dele språkvanskar i tre undergrupper, der ein skil mellom

  • vanskar med å uttrykkje seg
  • vanskar både med å forstå og uttrykkje språk
  • vanskar med språklydane

Viktig å avdekke

Språkvanskar kan få store konsekvensar for skulegang, utdanning, arbeid og sosialt liv. Det er difor svært viktig å avdekke vanskane tidleg i barnehagealder og setje i verk tiltak som fremjar god språkutvikling.

Elevar med språkvanskar treng særleg tilrettelegging i skulen, både for å betre sine språklege ferdigheiter og for å kunne kompensere for vanskane i faginnlæringa.

Spesifikke språkvanskar i endring

I dag viser nyare forsking og klinisk erfaring at dagens forståing av spesifikke språkvanskar har vore for snever. Dette har ført til at mange barn ikkje har fått tilpassa hjelp.

Spesifikke språkvanskar har difor blitt erstatte med omgrepet Developmental Language Disorder (DLD) i engelskspråklege land. Omgrepet og innhaldet reflekter betre den type vanske barna har.

Statped vil sette meir fokus på dette framover. Du kan allereie nå lære meir om dette her.