Språkforstyrrelser og digitale ferdigheiter

Digitale ferdigheiter er ei av fem ferdigheiter i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Elevar med språkvanskar har store fordelar av å utvikle gode, digitale ferdigheiter.

Dei fem ferdigheitene utgjer grunnleggande føresetnader for læring og utvikling i skule, arbeid og samfunnsliv. Dei inngår i måla for alle fag i skulen.

Kunnskapsløftet deler digitale ferdigheiter inn i fire områder:

  • tileigne og leggja til rette
  • produsere og omarbeide
  • kommunisere
  • digital dømmekraft

Kvar ferdigheit er delt i fem nivå. Læraren vurderer elevane etter desse nivåa. Elevar med språkvanskar har føresetnadar for å utvikle gode digitale ferdigheiter.

Teknologi gir store moglegheiter for elevar med språkvanskar. Digitale tenester kan på fleire område kompensere for utfordringane som språkvanskar gir. Denne elevgruppa har difor store fordelar av å utvikle dei digitale ferdigheitene sine.

Ved å visualisere og organisere innhaldet i tekster i digitale tankekart tilpassast fagstoffet og språkforståinga aukar. Den visuelle støtta gjer det lettare for elevar med språkvanskar å formidle lærestoffet dei har tileigna seg. Les meir om teknologi.

Det er difor eit stort tap om elevar med språkvanskar ikkje får høve til å utvikle digitale ferdigheiter. Digitale tenester gir denne elevgruppa sjansen til å utvikle fagkompetansen sin på best mogleg grunnlag.

Barn og unge med språkvanskar strever ofte med å tileigne seg funksjonelle lese- og skriveferdigheiter. Dei kan difor dra nytte av ulike digitale tenester som hovudsakeleg er nytta av elevar med lese- og skrivevanskar. Les meir om dette på dysleksi og teknologi.

Kunnskap og tilrettelegging

Skulen har eit ansvar for å nytte dei teknologiske moglegheitene til beste for elevar med språkvanskar. Dette inneber å ha oppdatert kunnskap om ulike løysingar og leggje til rette for god bruk. Men pedagogikken må styre teknologien. Digitale løysingar må ta utgangspunkt i kva eleven treng å lære og kva for mål som er sett.

Les meir om kompenserande teknologi, læringsressursar og tilrettelegging i grunnskulen:

Du kan lese meir om dei grunnleggjande ferdigheitene i læreplanverket for Kunnskapsløftet på Utdanningsdirektoratet

 

 

 

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Takk for din tilbakemelding!