Språkforstyrrelser og lesing

Lesing er ei av fem ferdigheiter i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Elevar med spesifikke språkvanskar strevar ofte med å oppnå funksjonelle leseferdigheiter.

Dei fem ferdigheitene utgjer grunnleggande føresetnader for læring og utvikling i skule, arbeid og samfunnsliv. Dei inngår i måla i alle fag i skulen.

Kunnskapsløftet deler lesing inn i fire ferdigheiter:

  1. førebu, utføre og leggja til rette
  2. finne
  3. tolke og samanhalde
  4. reflektere og vurdere

Dei fire ferdigheitene føreset effektiv ordavkoding og god leseforståing. Samstundes stiller dei store krav til eleven si generelle språkkompetanse. Kvar ferdigheit er delt i fem nivå. Læraren vurderer elevane etter desse nivåa. Gode språklege ferdigheiter er ein føresetnad for å nå dei høgast nivåa.

Krevjande å lese og skrive

Spesifikke språkvanskar er ein livslang vanske som krev tilrettelegging gjennom heile grunnskulen. Lese- og skriveinnlæringa er særleg krevjande for denne gruppa.

Mange barn med språkvanskar har svake ordavkodingsferdigheiter. Barn som strevar med å forstå og uttrykkje språk har også vanskar med leseforståing. Dysleksi er ein vanleg tilleggsvanske hjå barn med spesifikke språkvanskar.

Treng læringsressursar

Elevar med spesifikke språkvanskar strevar ofte med å oppnå funksjonelle leseferdigheiter og treng læringsressursar som kompenserer for dette. Digitale lærebøker, lettlesne utgåver av lærebøker og lydbøker kan gjere det lettare å tileigne seg faglitteratur.

Systematisk omgrepslæring og bruk av digitale tankekartprogram kan gjere det lettare å strukturere kunnskapen og skape oversikt over fagstoffet. Mange har også god nytte av talesyntese som les opp tekst.

Kompenserande læringsressursar og god pedagogisk tilrettelegging bidreg til at barn med spesifikke språkvanskar kan nå eit høgare nivå av lesing.

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Takk for din tilbakemelding!