Språkforstyrrelser og skriving | www.statped.no

Språkforstyrrelser og skriving

Skriving er ei av fem ferdigheiter i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Elevar med spesifikke språkvanskar strevar ofte med å oppnå funksjonelle skriveferdigheiter.  

Dei fem ferdigheitene utgjer grunnleggande føresetnader for læring og utvikling i skule, arbeid og samfunnsliv. Dei inngår i måle i alle fag i skulen.

Kunnskapsløftet deler skriving inn i fire ferdigheiter:

  1. planlegge og arbeide med
  2. utforme
  3. kommunisere
  4. reflektere og vurdere

Kvar ferdigheit er delt i fem nivå. Læraren vurderer elevane etter desse nivåa. Gode språklege ferdigheiter er ein føresetnad for å nå dei høgast nivåa.

Krevjande å lese og skrive

Spesifikke språkvanskar er ein livslang vanske som krev tilrettelegging gjennom heile grunnskulen. Elevar med språkvanskar strevar ofte med å uttrykkje seg skriftleg og å stave ord rett.

Svakt ordforråd avgrensar den skriftlege uttrykksevna. Mange har vanskar med å planlegge og strukturere tekst og med å skrive slik at andre forstår bodskapen.

Lese- og skrivevanskar er ein vanleg tilleggsvanske hjå barn med spesifikke språkvanskar.

Treng læringsressursar

Elevar med spesifikke språkvanskar strevar ofte med å oppnå funksjonelle skriveferdigheiter og treng læringsressursar som kompenserer for dette.

Digitale tankekartprogram kan gjere det lettare å planlegge og strukturere skrivearbeidet. Stavekontroll med ordbokfunksjon og talesyntese kan forenkle sjølve skrivinga. Tale til tekst-funksjon på nettbrett og smarttelefonar er også eit godt alternativ for barn med skrivevanskar.

Kompenserande læringsressursar og god pedagogisk tilrettelegging bidreg til at barn med spesifikke språkvanskar kan nå eit høgare nivå av skriving.

Les meir om kompenserande teknologi, læringsressursar og tilrettelegging i grunnskulen:

Du kan lese meir om dei grunnleggjande ferdigheitene i læreplanverket for Kunnskapsløftet på Utdanningsdirektoratet

 

 

 

Fant du det du lette etter?

0/250
0/250

Takk for din tilbakemelding!