Språkforstyrrelser og grunnleggande ferdigheiter

Dei grunnleggende ferdigheitene utgjer grunnleggande føresetnader for læring og utvikling i skule, arbeid og samfunnsliv. Dei inngår i måla for alle fag i skulen. 

Grunnleggande ferdigheiter

  • Munnlege ferdigheiter er ei av fem ferdigheiter i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Elevar med språkvanskar har i større eller mindre grad vanskar med å uttrykkje seg.

    Dei fem ferdigheitene utgjer grunnleggande føresetnader for læring og utvikling i skule, arbeid og samfunnsliv. Dei inngår i måla for alle fag i skulen.

    Kunnskapsløftet deler munnlege ferdigheitar inn i fire områder:

    1. forstå og vurdere
    2. utforme
    3. kommunisere
    4. reflektere og vurdere

    Kvar ferdigheit er delt i fem nivå. Læraren vurderer elevane etter desse nivåa. Dei øvste nivåa av munnlege ferdigheiter føreset høg språkleg kompetanse.

    Munnlege ferdigheiter i skulen

    Barn og unge med språkvanskar strevar med å formulera seg, med å ha samanhengen i det dei vil formidle, og med å hugse orda. Då blir dei lett undervurdert og misforstått av andre.

    Munnlege ferdigheiter blir vektlagt sterkt i skulen. Å delta i klassen sine diskusjonar er ein viktig del av undervisninga i nokre fag, og munnlege elevframlegg er stadig meir vanleg. På det høgste trinna vert dei munnlege ferdigheitene og vurdert gjennom munnleg eksamen.

    Digitale læringsressursar

    Det finst digitale læringsressursar som kan kompensere for vanskar med munnleg formidling. Særleg finst det ressursar som elevane kan nytte for å lage digitale presentasjonar med visuelle verkemidlar som bilete og video.

    Når omgjevnadene viser forståing og fleksibilitet, får også elevar med språkvanskar uttrykke ferdigheitene sine trass i vanskane. Ein føresetnad for dette, er at pedagogikk og teknologi er godt integrert i kvarandre.

    Les meir om kompenserande teknologi, læringsressursar og tilrettelegging i grunnskulen:

    Du kan lese meir om dei grunnleggjande ferdigheitene i læreplanverket for Kunnskapsløftet på Utdanningsdirektoratet

     

  • Lesing er ei av fem ferdigheiter i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Elevar med spesifikke språkvanskar strevar ofte med å oppnå funksjonelle leseferdigheiter.

    Dei fem ferdigheitene utgjer grunnleggande føresetnader for læring og utvikling i skule, arbeid og samfunnsliv. Dei inngår i måla i alle fag i skulen.

    Kunnskapsløftet deler lesing inn i fire ferdigheiter:

    1. førebu, utføre og leggja til rette
    2. finne
    3. tolke og samanhalde
    4. reflektere og vurdere

    Dei fire ferdigheitene føreset effektiv ordavkoding og god leseforståing. Samstundes stiller dei store krav til eleven si generelle språkkompetanse. Kvar ferdigheit er delt i fem nivå. Læraren vurderer elevane etter desse nivåa. Gode språklege ferdigheiter er ein føresetnad for å nå dei høgast nivåa.

    Krevjande å lese og skrive

    Spesifikke språkvanskar er ein livslang vanske som krev tilrettelegging gjennom heile grunnskulen. Lese- og skriveinnlæringa er særleg krevjande for denne gruppa.

    Mange barn med språkvanskar har svake ordavkodingsferdigheiter. Barn som strevar med å forstå og uttrykkje språk har også vanskar med leseforståing. Dysleksi er ein vanleg tilleggsvanske hjå barn med spesifikke språkvanskar.

    Treng læringsressursar

    Elevar med spesifikke språkvanskar strevar ofte med å oppnå funksjonelle leseferdigheiter og treng læringsressursar som kompenserer for dette. Digitale lærebøker, lettlesne utgåver av lærebøker og lydbøker kan gjere det lettare å tileigne seg faglitteratur.

    Systematisk omgrepslæring og bruk av digitale tankekartprogram kan gjere det lettare å strukturere kunnskapen og skape oversikt over fagstoffet. Mange har også god nytte av talesyntese som les opp tekst.

    Kompenserande læringsressursar og god pedagogisk tilrettelegging bidreg til at barn med spesifikke språkvanskar kan nå eit høgare nivå av lesing.

  • Digitale ferdigheiter er ei av fem ferdigheiter i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Elevar med språkvanskar har store fordelar av å utvikle gode, digitale ferdigheiter.

    Dei fem ferdigheitene utgjer grunnleggande føresetnader for læring og utvikling i skule, arbeid og samfunnsliv. Dei inngår i måla for alle fag i skulen.

    Kunnskapsløftet deler digitale ferdigheiter inn i fire områder:

    • tileigne og leggja til rette
    • produsere og omarbeide
    • kommunisere
    • digital dømmekraft

    Kvar ferdigheit er delt i fem nivå. Læraren vurderer elevane etter desse nivåa. Elevar med språkvanskar har føresetnadar for å utvikle gode digitale ferdigheiter.

    Teknologi gir store moglegheiter for elevar med språkvanskar. Digitale tenester kan på fleire område kompensere for utfordringane som språkvanskar gir. Denne elevgruppa har difor store fordelar av å utvikle dei digitale ferdigheitene sine.

    Ved å visualisere og organisere innhaldet i tekster i digitale tankekart tilpassast fagstoffet og språkforståinga aukar. Den visuelle støtta gjer det lettare for elevar med språkvanskar å formidle lærestoffet dei har tileigna seg. 

    Det er difor eit stort tap om elevar med språkvanskar ikkje får høve til å utvikle digitale ferdigheiter. Digitale tenester gir denne elevgruppa sjansen til å utvikle fagkompetansen sin på best mogleg grunnlag.

    Barn og unge med språkvanskar strever ofte med å tileigne seg funksjonelle lese- og skriveferdigheiter. Dei kan difor dra nytte av ulike digitale tenester som hovudsakeleg er nytta av elevar med lese- og skrivevanskar. Les meir om dette på dysleksi og teknologi.

    Kunnskap og tilrettelegging

    Skulen har eit ansvar for å nytte dei teknologiske moglegheitene til beste for elevar med språkvanskar. Dette inneber å ha oppdatert kunnskap om ulike løysingar og leggje til rette for god bruk. Men pedagogikken må styre teknologien. Digitale løysingar må ta utgangspunkt i kva eleven treng å lære og kva for mål som er sett.

    Les meir om kompenserande teknologi, læringsressursar og tilrettelegging i grunnskulen:

    Du kan lese meir om dei grunnleggjande ferdigheitene i læreplanverket for Kunnskapsløftet på Utdanningsdirektoratet

     

  • Rekning er ei av fem ferdigheiter i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Elevar med spesifikke språkvanskar strevar ofte med å lese og forstå tekstoppgåver i matematikk. 

    Dei fem ferdigheitene utgjer grunnleggande føresetnader for læring og utvikling i skule, arbeid og samfunnsliv. Dei inngår i måla i alle fag i skulen.

    Kunnskapsløftet deler rekning inn i fire ferdigheiter:
    1. Gjenkjenne og skildre
    2. Bruke og arbeide med
    3. Kommunisere
    4. Reflektere og vurdere

    Kvar ferdigheit er delt i fem nivå. Læraren vurderer elevane etter desse nivåa. Gode språklege ferdigheiter er ein føresetnad for å nå dei høgast nivåa.

    Stiller krav til å lese og skrive

    Spesifikke språkvanskar er ein livslang vanske som krev tilrettelegging gjennom heile grunnskulen. Matematikkfaget er språkleg krevjande. Det har mange fagspesifikke og abstrakte omgrep, og stiller store krav til elevane sine lese- og skriveferdigheiter.

    Elevar med språkvanskar må ofte arbeide med matematiske omgrep som førebuing til reknearbeidet. Omfanget av abstrakte og fagspesifikke uttrykk aukar til eldre elevane vert. For mange elevar er det avgjerande at dei har arbeidd med desse på førehand for å få utbytte av matematikkundervisinga. Tips til korleis ein kan gjere dette kan ein finne i læringsressursen En veileder om begrepslæring.

    Mange elevar med språkvanskar strevar også med å lese og forstå tekstoppgåver i matematikk, og har vanskar med å svare på matematikkoppgåver med tekst.

    Kompenserande læringsressursar

    Det kan vere naudsynt å nytte kompenserande læringsressursar i matematikkinnlæringa for å unngå at lese- og skrivevanskar hindrar utvikling av rekneferdigheiter. Scannerpenn kan lese opp tekstoppgåver og tekst til tale-funksjon kan erstatte skriving av oppgåvesvar.

    Det finst også digitale versjonar av mange lærebøker. Desse kan du søke i, har notatfunksjon og eleven kan få opplest tekst. Det kan også vere lagt inn illustrerande videoar. Det er viktig at eleven får god hjelp og støtte i god bruk av hjelpemiddelet.

    Kompenserande læringsressursar og god pedagogisk tilrettelegging bidreg til at barn med spesifikke språkvanskar kan nå eit høgare nivå av rekning.

  • Skriving er ei av fem ferdigheiter i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Elevar med spesifikke språkvanskar strevar ofte med å oppnå funksjonelle skriveferdigheiter.  

    Dei fem ferdigheitene utgjer grunnleggande føresetnader for læring og utvikling i skule, arbeid og samfunnsliv. Dei inngår i måle i alle fag i skulen.

    Kunnskapsløftet deler skriving inn i fire ferdigheiter:

    planlegge og arbeide med
    utforme
    kommunisere
    reflektere og vurdere
    Kvar ferdigheit er delt i fem nivå. Læraren vurderer elevane etter desse nivåa. Gode språklege ferdigheiter er ein føresetnad for å nå dei høgast nivåa.

    Krevjande å lese og skrive
    Spesifikke språkvanskar er ein livslang vanske som krev tilrettelegging gjennom heile grunnskulen. Elevar med språkvanskar strevar ofte med å uttrykkje seg skriftleg og å stave ord rett.

    Svakt ordforråd avgrensar den skriftlege uttrykksevna. Mange har vanskar med å planlegge og strukturere tekst og med å skrive slik at andre forstår bodskapen.

    Lese- og skrivevanskar er ein vanleg tilleggsvanske hjå barn med spesifikke språkvanskar.

    Treng læringsressursar
    Elevar med spesifikke språkvanskar strevar ofte med å oppnå funksjonelle skriveferdigheiter og treng læringsressursar som kompenserer for dette.

    Digitale tankekartprogram kan gjere det lettare å planlegge og strukturere skrivearbeidet. Stavekontroll med ordbokfunksjon og talesyntese kan forenkle sjølve skrivinga. Tale til tekst-funksjon på nettbrett og smarttelefonar er også eit godt alternativ for barn med skrivevanskar.

    Kompenserande læringsressursar og god pedagogisk tilrettelegging bidreg til at barn med spesifikke språkvanskar kan nå eit høgare nivå av skriving.