Språkforstyrrelser og inkludering
Fagleg inkludering
Dei fleste barn har sterk tilhøyrsle til klassen sin, og ynskjer å ta mest mogleg del i det som skjer der. Omsynet til dette må vektast tungt, sjølv om det i nokre tilfelle er naudsynt at elevane tek del i aktivitetar på utsida av klassen.
Mange elevar opplever at språkvanskane er til hinder for å delta aktivt i sosiale fellesskap og for å etablere vennskap. Som følgje av dette risikerer dei å trekkje seg tilbake sosialt og utvikle emosjonelle vanskar. Barn med språkvanskar har i ulik grad ha behov for tilrettelegging som gjer det lettare å delta i det sosiale fellesskapet.
Følgjande er viktig for å inkludera elevar med språkvanskar fagleg:
- Ein lærar som kommuniserer klart og tydeleg både munnleg og skriftleg.
- Ein lærar som snakkar litt langsamare, og brukar korte setningar.
- Ein lærar som gir elevane tid til å forstå og utrykkje seg.
- Varierte og fleksible prøveformer.
- Utstrekt bruk av pc framfor penn og papir.
- Bruk av teknologi som gir barn med språkvanskar moglegheita til å forstå og formidle kunnskap.
- Visuell støtte i form av video, bilete og symbol.
Side 2 av 3