Språkforstyrrelser overgangar og inkludering

Tilrettelegging

  • Barn og unge med språkvanskar eller andre særlege behov er ekstra sårbare når dei byter frå barnehage til skule og i andre viktige overgangar.

    Ein overgang er krevjande både for barnet og for dei som ivaretek behova til barnet.

    Overgangen inneber mellom anna:

    • risiko for at viktig informasjon ikkje blir formidla til dei rette personane
    • nye omgjevnader for barnet
    • ein ny start og eit potensiale til å betre situasjonen

    Ein god overgang kan vere avgjerande for at barnet får ein positiv start. Dette føreset god informasjonsoverføring mellom instansane. Særleg er dette viktig i tilfelle kor barnet kan ha behov for ekstra oppfølging.

    Overgang mellom barnehage og skule

    Barna som har hatt språkvanskar i førskulealder, har auka risiko for å utvikle skriftspråklege vanskar i skulealder. Dei med tydelege talevanskar blir ofte oppdaga tidleg, og skulen er difor kjent med vanskane til barnet. Barn som har vanskar med å forstå kan derimot byrje på skulen utan at nokon veit om språkvanskane. Vi minskar risikoen for at dette skjer om barnehagar observerer språkutvikling systematisk.

    Overgang til mellomtrinnet

    Etter kvart som elevane blir eldre, blir krava til språklege ferdigheiter høgre. Kunnskapsmengda aukar i informasjonsfaga, framandspråk krev meir, og i matematikk går omgrepa frå å vere konkrete til å bli stadig meir abstrakte. Dette stillar store krav til språkforståing, og er årsaka til at mange elevar med språkvanskar blir oppdaga først nokre år opp i skuleløpet.

    Overgang til ungdomsskulen

    I ungdomsskulen er tekniske læringsressursar stadig meir nødvendig for at elevar med språkvanskar skal lære seg pensum, og imøtekoma krav til skriftlege arbeid.

    Overgang til vidaregåande skule

    Overgangen til vidaregåande skule kan vere særleg sårbar for elevar med språkvanskar. Dette er fordi det ikkje er noko naturleg møtepunkt for informasjonsoverføring mellom ungdomsskule og vidaregåande skule. Då er det ekstra viktig med eigne initiativ for å sikra at elevar med særlege behov får eit tilfredsstillande opplæringstilbod.

  • Elevar med språkvanskar blir i varierande grad tatt ut av klassen for å få undervisning åleine eller i grupper. Opplæringslova er likevel tydeleg på at alle elevar skal ha så stor del av undervisninga som mogleg innanfor klassefellesskapet.

    Dei fleste barn har sterk tilhøyrsle til klassen sin, og ynskjer å ta mest mogleg del i det som skjer der. Omsynet til dette må vektast tungt, sjølv om det i nokre tilfelle er naudsynt at elevane tek del i aktivitetar på utsida av klassen.

    Mange elevar opplever at språkvanskane er til hinder for å delta aktivt i sosiale fellesskap og for å etablere vennskap. Som følgje av dette risikerer dei å trekkje seg tilbake sosialt og utvikle emosjonelle vanskar. Barn med språkvanskar har i ulik grad ha behov for tilrettelegging som gjer det lettare å delta i det sosiale fellesskapet.

    Fagleg inkludering

    Følgjande er viktig for å inkludera elevar med språkvanskar fagleg:

    • Ein lærar som kommuniserer klart og tydeleg både munnleg og skriftleg.
    • Ein lærar som snakkar litt langsamare, og brukar korte setningar.
    • Ein lærar som gir elevane tid til å forstå og utrykkje seg.
    • Varierte og fleksible prøveformer.
    • Utstrekt bruk av pc framfor penn og papir.
    • Bruk av teknologi som gir barn med språkvanskar moglegheita til å forstå og formidle kunnskap.
    • Visuell støtte i form av video, bilete og symbol.

    Sosial inkludering

    Følgjande er viktig for å inkludera elevar med språkvanskar sosialt:

    • Ein lærar som legg til rette for at elevar med språkvanskar finn sin plass i det sosiale fellesskapet og etablerer vennskap.
    • Eit inkluderande klasse- og skulemiljø.
    • Ein lærar som legg til rette for at den ordinære undervisninga ikkje ekskluderer elevar med språkvanskar.
    • Elevar med behov for ekstra hjelp får denne støtta inne i klassen så langt det er mogleg.
    • Når elevar skal takast ut av klassen, bør det skje i grupper med andre elevar, og innanfor ein avgrensa periode.