StatpedMagasinet 2–2017

Nasjonalt ASK-nettverk i Statped

Som eit ledd i Statped si faglege utvikling og ei målsetjing om å kunne gje likeverdig tilbod av tenester i alle regionar, er det blitt etablert eit nasjonalt ASK-nettverk. Fagnettverket skal bidra til å synleggjere og løfte fram ASK-feltet internt i Statped og eksternt.

Anne-Merete Kleppenes er koordinator for ASK-nettverket i Statped. Foto: Jonas Boström, Montag

Arbeid gjennom interne nettverk er ein mykje nytta arbeidsform i Statped, og det er lagt opp til ein del felles strukturar. Dei faglege nettverka blir leia og organisert av ein koordinator i samarbeid med fagansvarleg på Statpeds hovudkontor og med deltaking frå alle fire regionar.

Nettverket sitt arbeid har utgangspunkt i utfordringar i praksisfeltet, føringar gjeve i Statped sine styringsdokument og oppgåver gjeve oss frå Statped si faglege leiing. Vi ønskjer gjennom nettverket å medverke til kompetanseauke internt i Statped og vi arrangerte i mars 2017 ein intern ASK-konferanse, der vi fekk felles fagleg påfyll frå Gunilla Thunberg og ein presentasjon av kommunikasjonsmiddel frå ulike firma. Vi samarbeider også om «Faglege forum» på videomøter, der vi drøftar case eller har faglege innlegg.

Side 28 av 62