StatpedMagasinet 3–2017

Auka merksemd om digitalisering

Kvar fjerde elev i norsk skole har urovekkande låge digitale dugleikar. Regjeringa sin ferske digitaliseringsstrategi for grunnopplæringa peiker ut retninga for IKT i skolen dei neste fire åra. Statped er særskild nemnd i strategien.

Tekst: Ragnhild Thomsen Thornam

Utdanningsdirektoratet kartlegg dei digitale dugleikane til fjerdeklassingar. Kvar femte elev scorar under grensa for uro. Ei internasjonal undersøking på 9. trinn viser at 25 prosent av elevane har så svake digitale dugleikar at dei står i fare for å få problem i vaksenlivet.

I haust la regjeringa fram ein digitaliseringsstrategi for grunnopplæringa for perioden 2017–2021. Tiltak i strategien skal bidra til at skolen nyttar digitale hjelpemiddel betre og rustar elevane til å leve godt no og i framtida.

Uheldige skilnader

StatpedMagasinet har snakka med Utdanningsforbundet, Senter for IKT i utdanningen og IKT Norge for å høyre kva dei meiner må til for lukkast med digitaliseringsstrategien og auke dei digitale dugleikane til norske elevar. Alle peiker på det same: kompetanse, infrastruktur og tilgang til programvare. I dag er det store skilnader i korleis skolar brukar IKT og kva dei har av utstyr og kompetanse. Dei etterlyser difor heilskaplege grep.

Øystein Nilsen er avdelingsleiar ved Senter for IKT i utdanningen. Foto: IKT-senteret. 

– Det er eit stort strekk i laget. Denne ulikskapen fører til at elevar har svært ulikt nivå på digitale dugleikar når dei går ut av skolen. Dette er alvorleg når vi skal ha eit likeverdig opplæringstilbod i Noreg, seier avdelingsleiar Øystein Nilsen ved Senter for IKT i utdanningen.

Han meiner vi må ta inn over oss at skulen ikkje er særleg digital.

– Vi må ta ned myten om at norsk skole er gjennomdigitalisert. 75 prosent av elevane nyttar ein datamaskin eller digital eining mindre enn fire timar kvar veke, seier Nilsen.

Kompetanse, utstyr og pengar

Kunnskap er naudsynt for å gjere skolen meir digital og auke dei digitale dugleikane til elevane. Lærarane må med andre ord vite kva dei gjer.

Heidi Arnesen Austlid. Foto: IKT Norge

Sentralstyremedlem Gro Hartveit i Utdanningsforbundet meiner det er viktig at lærarane har god nok kompetanse. Det er ikkje nok å berre gi lærarane digitale verktøy – dei må også kjenne dei og vite korleis verktøya kan tilpassast den enkelte eleven, slik at dei medverkar til god læring.

Gro Hartveit. Foto: Utdanningsforbundet. 

– Ei av utfordringane for skolen er at det er så stor forskjell på kva kompetanse lærarane har og i kor stor grad elevane nytter digitale verktøy, seier Hartveit.

Samstundes er det viktig å bruke den erfaringa om pedagogisk IKT som allereie finst i skolen.

– God bruk av digitale læremiddel kan ikkje vedtakast, det må utviklast i samarbeid med lærarane, seier Hartveit.

Ho trur skolen er tent med å la lærarane medverke i digitaliseringsarbeidet. Til dømes må dei få vere med og vurdere kva som er dei gode digitale verktøya og læremiddela for elevane.

Infrastruktur, utstyr og programvare er også ein viktig føresetnad for å lukkast med digitalisering i skolen. I tillegg trengs det pengar, meiner IKT Norge, som er eit talerøyr for IKT-næringa i Noreg.

– Det er fint at regjeringa har ein strategi for digitalisering i skolen, men utan pengar er han verdilaus. Slik vi les statsbudsjettet, ligg det ingen økonomisk pisk eller gulrot for å satse på digitalisering i skolen, seier Austlid.

Eit leiaransvar

IKT-leiarane er tydelege på at faglærar ikkje skal stå åleine om å utvikle elevane sine digitale dugleikar. Ansvaret for eit digitalt løft ligg hos leiarar i skolar og kommunar. – Dei store digitale skilnadene mellom skolar, klasserom og kommunar handlar om kva for nokre leiarar som satsar og kven som ikkje gjer det, seier Austlid.

Øystein Nilsen meiner at digitalisering handlar om organisasjonsutvikling. Leiarane er då sentrale. Han rår kommunar og skolar til å jobbe systematisk med digitalisering.

– IKT i opplæringa handlar ikkje berre om å kjøpe inn dingsar, men om å utvikle organisasjonar, seier Nilsen.

IKT-plan.no – ei ressursside

Nilsen tipsar om nettstaden IKT-plan.no, laga av Senter for IKT i utdanningen. Dette er ei ressursside som skal hjelpe kommunar og skolar med å få digitale dugleikar inn i faga gjennom heile opplæringa. Undervisning handlar tradisjonelt om møte mellom menneske. No må innhaldet i desse møtepunkta førebu elevane på å fungere i ei digitalisert verd, meiner Nilsen.

– Digitale dugleikar er viktige for å fungere i eit digitalt samfunn. Utan digitale dugleikar er det vanskeleg å betale ei rekning eller utøve eit yrke i framtida, seier Nilsen og understrekar:

– Vi må ikkje gå ut frå at alle barn meistrar teknologi fullt ut. Alle treng ikkje den same opplæringa, men vi må hugse at ikkje alle er sjølvstendige i møte med teknologi eller har foreldre som følger godt opp.

Tilrettelagd opplæring

Statped er glad for all merksemd rundt digitalisering i den norske skolen. Eit digitalt løft er viktig for alle, men særleg verdifullt for elevar som treng tilrettelagt opplæring. Utdanningsforbundet, Senter for IKT i utdanningen og IKT Norge er tydelege på at digitalisering er viktig nettopp for å tilpasse opplæringa og for å skape inkluderande læringsmiljø.

– Med digitalisering kan vi redusere talet på barn som blir tatt ut av klassemiljøet for å få spesialundervisning. Vi kan lettare tilpasse opplæringa i klasserommet, seier Austlid. Ho skildrar korleis alle barn kan lære ut frå sine individuelle føresetnader og på sitt nivå når skolen nyttar digitale verktøy. Det kjem stadig nye tenester for såkalla adaptiv læring, der programvara forstår kva barnet kan og kva det treng. Dette er positivt for både eleven som skal lære og for læraren, som får frigitt ressursar.

– Digitale verktøy gir mange moglegheiter for å få til inkludering. Men det krev at lærarane har rett kompetanse, og det stiller store krav til god klasseleiing, seier Gro Hartveit.

Statped tek utfordringa

Statped og dei kommunale PP-tenestene målber stemmene til dei elevane som treng ein tilrettelagd opplæringssituasjon. Statped er difor særskild nemnd i regjeringa sin ferske digitaliseringsstrategi for grunnopplæringa: «Det er viktig at også Statpeds kompetanse og veiledningsapparat sees i sammenheng med øvrig arbeid for digitalisering av sektoren og utnyttes til å øke kompetansen i sektoren om hvordan digitale læremidler og hjelpemidler kan bidra til økt inkludering.»

Den utfordringa tek direktør Tone Mørk i Statped på strak arm.

Side 5 av 27