StatpedMagasinet 3–2017

Statped blir meir digital

Statped skal bli meir digital. Etaten vil no utvikle nye digitale løysingar for å støtte samarbeidspartane og samhandle enda betre med dei.

For Statped handlar digitalisering om å endre arbeidsmåtar og samtidig bidra til ei utvikling som gir nye moglegheiter til å inkludera brukarane. Biletet er frå Frydenhaug skole der elevane lærer samarbeid ved å kode. Foto: Bjørn Harry Schønhaug

Tekst: Ragnhild Thomsen Thornam

Eit stort digitaliseringsprosjekt er sett i gang i Statped. Dei neste to åra skal etaten bruke både tid og pengar på å bli meir digital. Målet er å nytte ressursane smart, til det beste for brukarar og samarbeidspartar.

Ei rekkje tilsette deltek i prosjektet saman med eksterne krefter. Prosjektet femner om fleire ulike delprosjekt, som til dømes digital informasjon, digital læring, kommunikasjon via videotenester og mykje anna. Ein viktig fellesnemnar for det heile er statped.no. Nettsida vil vere inngangen til det meste av det som blir utvikla.

– Målet er å gi samarbeidspartane våre relevant digital bistand når dei treng det. Dei skal finne det dei treng på nettsida vår, når dei treng det, seier prosjektleiar Gerd Ingunn Opdal, regiondirektør i Statped vest.

– Digitalisering gir oss store moglegheiter. Vi kan kompensere for geografiske
avstandar, bli meir tilgjengeleg og betre kvaliteten på arbeidet vårt, seier prosjektleiar Gerd Ingunn Opdal, regiondirektør i Statped vest.

Felles føringar i staten

Det er ikkje berre Statped som skal bli meir digital. Alle statlege verksemder har felles føringar om å digitalisere arbeidsprosessar og tenester. Stortingsmeldinga «Digital agenda for Norge: IKT for en enklere hverdag» frå 2015–16 gir nokre viktige prinsipp og køyrereglar for digitalisering av offentleg sektor. Eitt av fem hovudområde er å styrke digital kompetanse og deltaking frå grunnopplæringa og gjennom alle fasar i livet.

I Statped er digitaliseringsarbeidet forankra i tildelingsbrev frå Utdanningsdirektoratet og i Statpeds interne styringsdokument Mål- og disponeringsskriv.

Ulike produkt

Berre tida vil vise dei endelege resultata av digitaliseringsprosjektet i Statped. Det er likevel sikkert at kurs er eitt av områda som vil bli endra. Statped vil no satse meir på digitale kurs og e-læring. På den måten kan fleire delta på kursa, og Statped frigjer tid når kursa kan nyttast om igjen.

– Den tekniske terskelen blir stadig lågare. Ein treng ikkje mykje avansert utstyr for å nytte digitale løysingar. I dei fleste tilfelle er det nok med ein PC med tilgang til internett, seier Opdal og strekar under at Statped held fram med tradisjonelle kurs om tema der det er naudsynt å møtast fysisk.

Eit anna felt er å auke volumet på opplæringa og kunnskapsdelinga på statped.no. I år produserte Statped til dømes fire informasjonsfilmar om stamming. Statped ser for seg å produsere meir av slikt.

– Når folk søker på nett, skal dei finne nettsida vår og få førstehandskunnskap og meir detaljert informasjon om ulike tema. Innhaldet på statped.no skal vere forskingsbasert kunnskap av høg kvalitet, seier Opdal.

Statped vil også vidareutvikle løysingar for å kommunisere enda meir med samarbeidspartane ved hjelp av video. Slik kan etaten bruke mindre tid på å reise og frigjere tid til andre oppgåver. Video-rettleiing er til dømes testa systematisk ut av rådgjevarar i Statped nord.

– Digitalisering gir oss store moglegheiter. Vi kan kompensere for geografiske avstandar, bli meir tilgjengeleg for brukarar og samarbeidspartar og betre kvaliteten på arbeidet vårt, seier Opdal.

Innspel frå pedagogisk-psykologisk teneste

I digitaliseringsarbeidet treng Statped innspel frå brukarar og samarbeidspartar. Det finst allereie rutinar for å samhandle med brukarorganisasjonane. No gjeld det å få inn synspunkt frå tilsette i pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), som er den næraste samarbeidsparten.

– Vi må snakke med PPT-tilsette om kva dei saknar i dag og korleis dei kan tenke seg å få informasjonen presentert og lagt til rette, seier Opdal. PPT får høve til å gi innspel på ulike måtar. Tilsette kan til dømes kontakte Statped på e-post-adressa digitalisering@statped.no. Det kan også bli aktuelt å etablere eit digitalt nettverk der PP-tenesta kan kommentere ulike idear og forslag frå Statped. Digitaliseringa blir også tema når Statped møter fagleg råd for PPT.

Under den årlege nettverkskonferansen i haust fekk PPT-leiarane spørsmål om kva for råd dei vil gi Statped i digitaliseringsarbeidet. Leiarane ble også spurte om korleis dei ønsker at PPT skal bli involvert i arbeidet. Statped blei då utfordra på korleis digitalisering kan brukast for å hjelpe barn og unge med ulike behov. Leiarane kom også med konkrete ønske, som chatteteneste og digitalt søknadsskjema.

PPT og brukarorganisasjonar vil etter planen bli spurt om å teste nye løysingar og gi tilbakemeldingar om dei er nyttige. På PPT-leiarkonferansen oppgav kring 60 prosent av leiarane at digitalisering ofte er tema på eigen arbeidsplass og at det vert arbeidd med planar for korleis tenesta kan ta i bruk digitale tenester.

Lærer opp tilsette

Tilsette i Statped får no systematisk opplæring i ulike digitale verktøy. Dette blir gjort for å auke den digitale kompetansen, slik at ein kan jobbe meir effektivt og smart. Alle tilsette lærer om sosiale medium, digitale undervisningsmetodar og anna som er nyttig å kunne.

Side 6 av 27