StatpedMagasinet 3–2017

Tidleg hjelp mot stamming

Tidleg hjelp er god hjelp når eit barn stammar. Aksel (6) byrja brått å stamme då han var tre år. Logopeden kom raskt på banen og jobba direkte og indirekte med å redusere vansken.

Tekst: Ragnhild Thomsen Thornam

Aksel er ein aktiv og glad førsteklassing. Han elskar Lego og fotball og liker godt å klatre i tre og prate med hønene på garden der han bur. Orda flyt utan stans når han spring frå det eine til det andre på gardstunet. Men slik har det ikkje alltid vore. Då Aksel var tre år, byrja han brått og akutt å stamme.

I løpet av to veker gjekk han frå å snakke flytande til å gjenta både lydar og heile ord. Han kunne til dømes seie ba-baba- ball og eg-eg-eg heiter Aksel. Dette var vondt og vanskeleg for den vesle guten som var så glad i å prate. – Aksel er ein gut med mykje på hjartet og han blei veldig frustrert og lei seg. I byrjinga sa han til dømes «mamma, eg kan ikkje prate», fortel mor Stine Hegna Kjeldal. Aksel har ein storebror som stammar. Foreldra reagerte derfor raskt då også Aksel byrja å gjenta ord og lydar. Dei bad barnehagen tilvise Aksel til Pedagogisk- psykologisk teneste (PPT), som kom hurtig på banen. Etter kvart overtok kommunelogoped Elisabeth Dahlseng i Nome kommune i Telemark.

Elisabeth Dahlseng, kommunelogoped i Nome kommune i Telemark, har jobba saman med Aksel om vansken. Å ha sjølvtillit og frimod har vore sentrale mål. Foto: Bjørn Harry Schønhaug

Trygge barnet

Når eit barn stammar, er det viktig å få ei oversikt over vansken. Logopeden kartla difor stamminga til Aksel for å sjå omfanget, type stamming og korleis stamminga påverka Aksel og kvardagen hans. Deretter jobba ho og Aksel saman om vansken. Å ha sjølvtillit og frimod har vore sentrale mål.

– Aksel skal tru på seg sjølv og ikkje miste lysten til å prate sjølv om han stammar. Han skal ha glede av å snakke og kommunisere som om han ikkje stammar, seier Dahlseng.

Ho erfarer at barn som stammar, forstår at noko er annleis med dei. Då er det viktig å få høyre at det er greitt å stamme og at ein kan få hjelp med vansken.

– Aksel er ein trygg og sjølvsikker gut. Det skal han fortsette å vere, slik at han kan stå i vansken dei periodane han er fortvila over stamminga, forklarar Dahlseng.

For at Aksel skal kjenne seg trygg, har logopeden og foreldra prata med andre barn om stamminga. I barnehagen har dei sett film om ei jente som stammar og snakka saman om temaet. Det same skal dei gjere på skulen no som Aksel er blitt skulegut. Å vere open om stamminga, har berre vore positivt, meiner foreldra. Ofte seier barn at dei ikkje har lagt merke til stamminga – ho berre er der, og barna er vande med ho.

– Aksel har halde fram med å prate sjølv om han stammar, fastslår Stine Hegna Kjeldal.

Språktrening

Aksel og mor hans, Stina Hegna Kjeldal. Foto: Bjørn Harry Schønhaug

Mange barn som stammar, har nytte av direkte hjelp med taleflyten. Barnet øver då på teknikkar og strategiar som gir dei meir kontroll over stamminga. Teknikkane går til dømes ut på å lage lett og mjuk start på ord og legge inn pustepause mellom setningane slik at taletempoet vert redusert.

I Nome kommune har seks år gamle Aksel øvd seg på å snakke både mjukare og meir langsamt. Logopeden har nytta mjuk bomull og hard stein for å få Aksel til å bli medviten på å ikkje snakke hardt.

– Målet er å finne dei teknikkane som fungerer for den enkelte. Aksel har hatt aller mest nytte av å setje ned tempoet, for han snakkar ofte fort, energisk og med ryggen til, seier Dahlseng.

Jobbe med miljøet

Det er viktig å involvere omgjevnadene når eit barn stammar. Både vaksne og barn treng informasjon om vansken og tiltak. Saman må dei skape eit miljø der barnet føler seg trygg og torer prate. Dette er ein indirekte måte å følgje opp barnet som stammar.

Både barnehagen og heimen har redusert krava til Aksel og til dømes stilt færre spørsmål som krev eit svar. Dei vaksne forsøker å vere gode talemodellar ved å snakke i korte setningar, senke tempoet og legge inn pausar. I barnehagen fekk personalet også råd om å snakke ein om gongen, sjå på barnet når det snakkar og ha same oppførsel om barnet stammar eller ikkje.

– Eg rår andre foreldre i same situasjon til å skaffe seg informasjon om kva vi kan og bør gjere. Men det er ikkje så lett å finne informasjon, og eg trur det er naudsynt å auke kunnskapen i både barnehagar og på skular, seier Kjeldal.

Det siste året har ho og Aksel stilt opp i både reportasjar og informasjonsfilmar om stamming. Dette gjer dei nettopp for å bidra til auka kunnskap om stamming både hos fagfolk og privatpersonar.

– Vi vil formidle at det er viktig å ta tidleg tak i vansken, samstundes som ein ikkje må tenke at verda går under fordi eit barn stammar. Håpet er å hjelpe foreldre i same situasjon som oss, seier mor.

Tidleg innsats

Dei fleste små barn stotrar naturleg i form av å gjenta småord eller leite etter ord. Det kan difor vere vanskeleg å vurdere om eit barn stammar eller berre stotrar normalt. Ved tvil er det viktig å søke råd hos logoped. Då kan barnet få tidleg hjelp, slik at vansken ikkje blir unødvendig stor.

Foreldra til Aksel har erfart kor viktig tidleg innsats er. Medan Aksel fekk rask og god hjelp for stamminga, venta storebror lenge før vansken blei tatt på alvor.

– Ikkje vent. Ta raskt kontakt med PPT og logoped som kan vurdere om barnet stammar. All forsking viser at tidleg hjelp er god hjelp, seier seniorrådgjevar Ragnhild Rekve Heitmann i Statped.

Statped tilbyr ulike tenester knytt til språk- og talevanskar. Både Aksel og kommunelogopeden har fått oppfølging av etaten. Dahlseng har fått rettleiing av rådgjevarar for å kunne følgje opp Aksel på best mogleg måte. Aksel er blitt kartlagt av logopedar i Statped og har tilbod om eit behandlingsprogram dersom vansken aukar.

Gått i bølger

Stamminga til Aksel har gått i bølger. Nokre periodar har han stamma så mykje at foreldra nesten ikkje har forstått han. Andre periodar har han nesten ikkje stamma. Aller mest har Aksel stamma i ferier.

– Vi lurte lenge på kva vi gjorde galt, sidan både Aksel og storebroren stamma mest i feriane. Men vi senka skuldrane då vi fekk vite at dette er normalt. Det kan vere eit teikn på at dei kjenner seg trygge. Barna våre stammar gjerne meir når dei har fri, fordi dei føler seg trygge og slappar meir av, fortel Kjeldal.

Ho har tatt til seg bodskapen frå logopeden om at ingen foreldre må ha skuldkjensle for at eit barn stammar. For Aksel har stamminga tatt eit opphald i haust. Om ho kjem tilbake, vil berre tida vise.

Side 22 av 27