StatpedMagasinet 1–2014

Stabil samanheng mellom språk- og åtferdsvanskar

Språk er eit område som det til vanleg vert fokusert lite på hos unge med åtferdsvanskar, og funna i denne studien bør difor få nokre følgjer for praksisfeltet.

Språk er ein viktig reiskap for sosial samhandling og for å kontrollera eiga åtferd. Barn og unge som klarer å regulera følelsane sine og oppføra seg på ein sosialt akseptabel måte, har lettare for å få vener og utvikla gode relasjonar enn dei som ikkje er i stand til å bruka språket som ein reiskap til problemløysing. Fleire studiar har funne betydeleg overlapping mellom språkvanskar og åtferdsvanskar. Sjølv om denne samanhengen er dokumentert i litteraturen, synest kunnskapen i mindre grad å ha nådd ut til, eller å bli teken omsyn til, i praksisfeltet. Til dømes er språkvanskar eit sterkt underrapportert og «usynleg» problem hos barn som er 
tilvist psykisk helsevern for barn og unge.

Eit vidt omgrep og fleire teoriar

Omgrepet språkvanskar er vidt og omfattar både vanskar med språkforståing, språkleg uttrykksevne (ekspressive 
vanskar) og pragmatikk. Pragmatikk handlar om korleis ein bruker og tolkar språket i ulike sosiale samanhengar, altså den sosiale bruken av språket. Barn med pragmatiske språkvanskar kan uttrykkja seg i grammatisk korrekte setningar. Samstundes kan dei ha store problem med å ta tur i samtale, halda seg til eit tema, gje samtalepartnaren den informasjonen han treng eller med å dra slutningar. Dette kompliserer forholdet til vener, og barn og unge med slike vanskar opplever ofte eigen livskvalitet som dårleg. Det er sett fram fleire teoriar for å 
forklara samanhengen mellom språk- 
og åtferdsvanskar hos barn og unge (Hartas 2012).

  • Språkvanskar fører til frustrasjon og sinne, noko som igjen fører til aukande sosiale problem og færre høve til å samhandla med jamaldringar.
  • Åtferdsvanskar som hyperaktivitet 
og konsentrasjonsvanskar, bidrar til språk- og lesevanskar.
  • Språk- og åtferdsvanskar opptrer saman og påverkar kvarandre 
gjensidig.
  • Språk- og åtferdsvanskar skuldast 
ein felles underliggjande nevrologisk svikt.

Alle desse forklaringsmodellane held fram den sterke samanhengen som eksisterer mellom dei to problemområda. Utviklingsmessige vanskar endrar seg gjerne over tid, avhengig av ulike ytre faktorar. Slik kan språkvanskar vera det mest karakteristiske trekket i førskulealder, medan vanskar med merksemd og hyperaktivitet vert tydelegare oppover i skulealder. Dei fleste studiane som har undersøkt språkvanskar, har retta seg mot barn i førskule- og barneskulealder. Men krava til språkmeistring aukar oppover i ungdomsalderen, og god språkkompetanse blir avgjerande både for å skaffa seg nye vener og for 
å halda på etablerte venskap.

Målsetjinga med studien som presenterast her, var å undersøkja språket til ei gruppe ungdomar med åtferdsvanskar. Sidan pragmatisk kompetanse er av 
stor betydning for sosial fungering i ungdomsalderen, var det også aktuelt å undersøkja om åtferds- og språkvanskar i tidleg skulealder kunne føreseia pragmatisk kompetanse i ungdomsalder.

Følgde barn gjennom fem år

Ei gruppe på 40 barn (32 gutar og 8 jenter) med åtferdsvanskar som var rekrutterte 
frå «Barn i Bergen»-studien, vart følgde 
frå dei var 7–9 år (T1) til dei var 12–15 år (T2). «Barn i Bergen» er ein longitudinell studie som starta i 2002, og som omfatta 9430 barn i alderen 7–9 år. Barna som vart inkluderte i gruppa med åtferdsvanskar, hadde høgt symptomnivå av 
ein eksternaliserande vanske (eitt eller fleire definitive symptom på ADHD; 
opposisjonell åtferdsforstyrring eller alvorleg åtferdsforstyrring).

Då borna var syv–ni år (T1), fylte foreldra ut eit spørjeskjema som mellom anna inneheldt fire spørsmål om språkleg fungering og eit instrument som måler vanskar i høve til åtferd, emosjonar, hyperaktivitet/merksemd og tilhøve til vener (The Strenght and Difficulties Questionnaire: SDQ. Goodman, 1999). Gruppa med åtferdsvanskar skåra svakare (hadde større vanskar) enn resten av utvalet i «Barn i Bergen»-studien på alle desse måla. Fem år seinare (T2), då borna var blitt 12–15 år, fylte foreldra på nytt ut SDQ, medan språkleg fungering vart undersøkt med kartleggingsinstrumentet Children’s Communication Checklist Second Edition: CCC-2. (Bishop, 2003). Ungdomane med åtferdsvanskar skåra svakare enn ei kontrollgruppe på eit generelt mål på språkleg fungering samt på ni av ti deltestar som måler ulike sider ved språket. Det viste seg at fleirtalet (70 %) hadde språkvanskar i klinisk område. Resultatet var svakt på alle dei pragmatiske deltestane, noko som understrekar at pragmatikk er ei side ved språket som er sårbar i denne gruppa. Dette resultatet samsvarar også med funn frå ein tidlegare studie (Helland, Helland & Heiman, 2014) der barn med ADHD skåra svakare enn typisk utvikla barn med omsyn til pragmatikk.

Ingen skilnad når det gjeld tale

Det var ingen skilnad mellom gruppene på deltesten som måler tale. Det er tidlegare rapportert til dels motstridande resultat når det gjeld tale. Geurts og Embrechts (2008) fann til dømes ingen vanskar i ein studie av barn med ADHD, medan Helland, Biringer, Helland og Heiman (2012) fann at barn med ADHD gjorde det svakare 
enn ei kontrollgruppe. Ei mulig årsak til at gruppa med åtferdsvanskar ikkje skilde seg frå kontrollgruppa når det gjeld tale i denne studien, kan vera at dei har «vakse frå» tidlegare vanskar på dette området.

Når det gjeld språkforståing og pragmatikk, derimot, blir vanskane gjerne tydelegare di meir krevjande og komplekse 
dei sosiale situasjonane vert oppover 
i ungdomsalderen. Trass i normal tale gjorde gruppa med åtferdsvanskar det svakt på andre deltestar som måler språkleg struktur og innhald. Vanskane deira synest såleis ikkje å vera avgrensa 
til pragmatikk, men omfattar ulike sider ved språket.

Problema varer ved i ungdomsalder

Resultata frå studien viste også at språkvanskar og problem i høve til vener i 
sju–niårsalder forutsa pragmatiske vanskar i ungdomsalder. Dette understrekar den nære samanhengen som eksisterer mellom språk og sosial fungering. Problema som vart observerte i barndomen, går ikkje over, dei varer ved oppover i ungdomsalder og gjer tilhøvet til vener vanskeleg. Dette kan i neste omgang føra til at åtferdsvanskane vert endå større, og aukar risikoen for problem relatert til psykisk helse generelt.

Kva kan gjerast?

Språk er eit område det til vanleg vert fokusert lite på hos unge med åtferdsvanskar, og funna i denne studien bør difor få nokre følgjer for praksisfeltet. Systematisk kartlegging av språk og kommunikasjon bør bli del av standard kartleggingsprosedyre når barn og unge med åtferdsvanskar vert tilvist hjelpeapparatet. Ettersom pragmatiske språkvanskar verkar særleg negativt inn på sosiale relasjonar og evne til konfliktløysing, bør ein ta omsyn til slike vanskar når ein utarbeider behandlingsplanar eller undervisingsopplegg. Ein bør også vera klar over at det ein kan oppfatta som manglande samarbeidsvilje frå den unge si side, i mange høve kan skuldast forståingsvanskar eller vanskar med den sosiale bruken av språket.

Referanseliste

- Bishop, D.V.M. (2003). The Children’s Communication Checklist Second Edition (CCC-2). London: The Psychological Corporation.

- Geurts, M., & Embrechts, M. (2008). Language Profiles in ASD, SLI and ADHD. Journal of Autism and Developmental Disorders, 38, 1931–1943.

- Goodman, R. (1999). The extended version of the Strenghts and Difficulties Questionnaire as a guide to child psychiatric caseness and consequent burden. Journal of Child Psychology and Psychiatry, 40, 791–799.

- Hartas, D. (2012). Children’s social behaviour, language and literacy in early years. Oxford Rewiew of Education, 38(3), 357–376.

- Helland, W.A., Biringer, E., Helland, T., & Heiman, M. (2012). Exploring language profiles for children with ADHD and children with Asperger syndrome. Journal of Attention Disorders, 16(1), 34–43.

- Helland, W.A., Helland, T., & Heiman, M. (2014). Language profiles and mental health problems in children with specific language impairment and children with ADHD. Journal of Attention Disorders, 18(3), 226–235.

Wenche Andersen Helland, Ph.D./logoped, leder forskningsarbeidet på kommunikasjon hos barn i ulike diagnosegrupper ved Statped vest. Hun er også forsker ved Seksjon for forskning på psykisk helse, Helse Fonna, HF og førsteamanuensis ved Institutt for biologisk og medisinsk psykologi, Universitetet i Bergen.

I mars 2014 publiserte Helland, Lundervold, Heimann og Posserud «Stable associations between behavioral problems and language impairments across childhood – The importance of pragmatic language problems».

Artikkelen bygger på http://dx.doi.org/10.1016/j.ridd.2014.02.016.

Side 18 av 58