StatpedMagasinet 1–2014

Forskarar ser på tenester til Statped: FINNUT

Forskingsrådet lanserte i januar 2014 eit nytt program for forsking og innovasjon i utdanningssektoren – FINNUT – der tenesteytande einingar i opplæringssektoren kan stå som søkjarar. Statped har saman med Universitetet i Stavanger allereie fått positivt svar på søknad om midlar til eit forprosjekt med sikte på eit innovasjonsprosjekt knytt til tenesteprofil og samarbeidsrelasjonar med kommunesektoren.

Det gir Statped ein unik sjanse til å få eit eksternt forskingsfagleg blikk på den utviklinga heile verksemda no er midt oppe i, som i neste omgang kan bidra 
til ein profil på tenester og arbeidsmåtar til beste for både brukarar, barnehagar, skular og skuleeigarar.

Direktørgruppa i Statped er styringsgruppe i forprosjektet. Hausten 2014 
tek dei ei avgjerd om korleis forprosjektet kan gjennomførast slik at både tilsette 
og samarbeidspartar vert involverte i prosessen på ein god måte.

Side 47 av 58