StatpedMagasinet 1–2014

Yrkesopplæring med ein vri: INVESTT

Eit nytt prosjekt Statped deltek i, har særleg fokus på inkluderande fag- og yrkesopplæring med reell arbeidsdeltaking som naturleg mål. Dei fem deltakarlanda, Austerrike, Belgia, Slovenia, Tyskland og Noreg er svært ulike når det gjeld opplæring generelt og særleg på området inkluderande opplæring, noko som opnar for spennande og lærerike samanlikningar. I tillegg høver prosjektdesignet svært 
godt for Statped fordi både praksisfelt, forskingsmiljø og rettleiingsteneste i kvart land skal samarbeide om utviklingsoppgåvene.

INVESTT – Inclusive Vocational 
Education and Specialised Tailormade Training – er tittelen på dette EU-prosjektet, som går over tre år. INVESTT er i regi av EASPD – ei europeisk samanslutning av tenesteytarar for personar med funksjonshemming. Prosjektet, som er ein oppfølgjar av det tidlegare Pathways to Inclusion (P2i), har tre norske partnarar: Gand videregående skole (Rogaland), Universitetet i Stavanger og Statped vest.

Før sommaren 2014 skal erfaringane frå den første utviklingsfasen oppsummerast og den neste planleggjast. Prosjektet vert avslutta i desember 2015.

Les meir investt.eu.

Side 49 av 58