StatpedMagasinet 1–2014

Ny kunnskap må føre til ny politikk

Pauker og fanfarer vart teke i bruk då den nye IA-avtalen 
kom i vår. Ungdom med funksjonsnedsettingar vart utropt 
til vinnarar. Målet er klart, men har vi tiltaka?

For oss som jobbar for at unge med funk sjonsnedsettingar og kroniske sjukdomar skal få same moglegheiter til utdanning, arbeid og inntekt som andre, var IA-
avtalen godt nytt. Det såkalla delmål 2 er spissa: Det er dei unge ein skal prioritere innsatsen mot for å få fleire funksjons hemma inn i arbeidslivet. Dersom vi når målet, bidreg det til å skaffe arbeidskrafta Noreg treng i åra framover, det skapar meir mangfaldige arbeidsplassar og fleire enkeltmenneske får sjansen til å bidra 
og delta.

Utfordringa er at IA berre er eit ramme verk. Eg trur likevel ikkje vi må starte 
på scratch. Kvar månad kjem det nye forskingsrapportar på arbeidslivsfeltet. Eit døme er FAFOs «Inkludering av personer med nedsatt funksjonsevne i arbeidslivet», som kom i mars. Tala stadfesta at informasjon fungerer! Arbeidsgjevarar som kjenner regelverket, har sett seg inn i IA-måla, eller har allereie ein arbeidstakar med nedsett funksjonsevne – ja, dei jobbar 
i større grad aktivt for å rekruttere fleire 
frå denne gruppa.

FAFO-rapporten er eitt av fleire signal om at verkemiddelsystemet er sett saman av plikter mange arbeidsgjevarar ikkje kjenner, verktøy mange arbeidstakarar ikkje kjenner, og ein garanti mange NAV-kontor ikkje bruker. Dette er forenkla og populistisk oppsummert, men det er ingen tvil om at styresmaktene gjer for lite for 
å spreie kunnskap om regelverket. Riksrevisjonen dokumenterte i fjor store varia sjonar i bruken av tilretteleggingsgarantien for personar med funksjonsnedsetting. NAV-kontora set ulike kriterium og følgjer opp i ulik grad. Dei treng ressursar og rom til å prioritere oppfølging av arbeidstakar og arbeidsgjevar. Dette er ekstra viktig fordi FAFO-tala stadfestar at enkle, fleksible og tilgjengelege verkemiddel er viktigare for arbeidsgjevarane enn økonomisk støtte. Staten må sikre at både arbeidstakar og arbeidsgjevar i størst mogleg grad får éi nettside, eitt telefon nummer og ei dør å halde seg til.

Forpliktande samarbeid på tvers

Somme stader samarbeider NAV godt med lokalt næringsliv, skole- og helse vesen, andre stader lèt ein seg stoppe 
av formelle skrankar, atter andre stader strandar gode løysingar i grunne kommunekassar eller rett og slett på mang lande kunnskap om vellukka prosjekt i andre kommunar. Dette fører til at folk med like utfordringar, får ulike tilbod. Vi trur første bod for å nå delmål 2 i den nye IA-avtalen er konkret og forpliktande samarbeid på tvers av sektorane, lokalt og nasjonalt. NAV, helseføretaka, Utdanningsdirektorat med Statped, KS og fleire andre aktørar må med. Initiativet er det regjeringa som må ta.

Unge funksjonshemmede vil bidra

Det ligg også eit anna viktig koordinerings ansvar på bordet til regjeringa. FAFO-undersøkinga er ei av mange. Ho vart tinga og presentert av BUFdir, eit av mange styringsorgan på velferdsområdet. Det er vanskeleg å halde oversikt over ny kunnskap som bør få konsekvensar for utforminga av tiltaksapparatet. Samstundes veit vi for lite om kva som gjer at tiltak fungerer, og for kven. «Dei funksjonshemma» er mange ulike grupper og enkelt menneske som treng ulike tiltak. Regjeringa må sikre tilgjengelege oversikter over både kunnskap og kunnskapshol.

Noko kan vi likevel slå fast allereie: God informasjon, tidleg innsats, individuelt tilpassa opplegg og meir oppfølging fungerer betre enn det motsette. Det inneber lengre og meir reelt kvalifiserande tiltaksløp, raskare tilgjengeleg tilrettelegging og høgare ungdomskompetanser hos NAV. Samstundes må politikarar, embetsverk og forskarar ta sivilsamfunnet i bruk, for samarbeid, ny kunnskap, erfarings- og informasjonsutveksling. Brukarorganisa sjonane sit på førstehandserfaringar og har direkte kontakt med enkeltmenneska som gøymer seg bak statistikkane og tala.

Regjeringa har signalisert høge ambisjonar om å forenkle og forbetre verkemiddel apparatet. Vi delar ambisjonane og tek meir enn gjerne del i arbeidet.

Lars Rottem Krangnes, generalsekretær, Unge funksjonshemmede

 

Side 7 av 58